Målprisen til historielaget
Kviteseid historielag fekk målprisen 2012
Som tradisjonen er arrangerte Mållaget i Kviteseid bygdekveld på Sundvang markensfredag. Målprisen 2012 gjekk til Kviteseid historielag for deira arbeid. Ordførar Torstein Tveito, som sjølv fekk målprisen ifjor, dela ut prisen, og leiar i historielaget Johannes Skarprud tok imot på vegne av laget. Kvelden baud elles på eit variert program med mellom anna foredrag av Gunnar Sanden om Telemarkskanalen. Ei elevgruppe frå Brunkeberg oppvekstsenter song og las dikt. Kviteseid hornmusikk innleia kvelden.
Sist oppdatert 08.03.2012