MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Stoda i streiken

Oppdatert informasjon per 04.06 kl 14.

Framleis streik i Kviteseid kommune.

Fagforbundet held, så langt ein kjenner til, fram med streiken i Kviteseid kommune.

For tenestetilbodet på KOS, kjøkenet, heimetenestene og Lundenjordet får ikkje streiken konsekvensar mondag eller tysdag 4. - 05.06. 

På grunn av personalmangel og manglande reinhald av bad og toalett, blir barnehage og skule ramma på slik måte frå 04.06:

Kviteseid barnehage : Småbarnsavdelinga framleis stengd.

Kviteseid skule : For 1. – 4. klasse blir det skule som vanleg. SFO er stengd. 5. – 7. trinn får fri frå skulen. For ungdomstrinnet går skulen som planlagd denne veka, dvs. 8. trinn har tentamen og jobbskuggedag (torsdag) og 9. trinn har arbeidsveke. 10. trinn får melding om fag til munnleg eksamen på tydag 05.06 kl. 09.00. Dei har førebuingsdagar tysdag og onsdag, med obligatorisk frammøte på skulen. Gjennomføring av munnleg eksamen torsdag 07.06.

Kviteseidhallen: Idrettshallen med garderobar er stengd. Kulturskulen har tilbod som vanleg.

Straumsnes oppvekstsenter:   Barnehagen er open for dei minste måndag, tysdag og onsdag og for dei største  torsdag og fredag kl. 07.30 – 14.00. Onsdag 0.6.06 er barnehagen stengd. Skulen/SFO går som normalt.

Brunkeberg, oppvekstsenter:   Barnehage - Avdeling Tytebær (3 – 5 år) - er open på måndag og avd. Blåbær (1-3 år) er open på tysdag. Vurdering av tilbodet vidare skjer på tysdag 05.06. Skulen/SFO går som normalt.

 

 

 

Sist oppdatert 04.06.2012