2 511 Kviteseidingar
Ferske tal frå SSB
SSB sitt oversyn for 2. kvartal syner at det per 1. julil var 2 511 innbyggjarar i Kviteseid. Dette er ein oppgang på 6 i andre kvartal.
Auken skuldast eit innflyttaroverskot Det var registrert 3 fødde og 5 døde.
Alle kommunanen i Vest-Telemark, med unnatak av Vinje har auke i folketalet 2. kvartal.
Hittil i år har folketalet auka med 13 i Kviteseid. Ser ein på fyrste halvår under eitt har Seljord, Nissedal og Fyresdal, ved sidan av Kviteseid auke i folketalet. Tokke og Vinje har nedgang.
Folketalet i Noreg var per 1. juli 5 017 500.
Sist oppdatert 16.08.2012