Vinterforskrift Nissedal kommune
Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning i Nissedal kommune.
Fastsett av Nissedal kommunestyre 13.01.2011 med heimel i forskrift 26.juni 2009 nr.864 om eigedomsregistrering (matrikkelforskrifta) § 18 tredje ledd.
§1. Føremål
Føremålet med forskrifta er å utsetje 16-vekersfristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.
§2. Utsett frist for gjennomføring av oppmålingsforretning
Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd vert ikkje rekna i perioden 15. november til 30.april.
§3. Iverksetjing
Denne forskrifta trer i kraft same dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.
Sist oppdatert 05.01.2012