Museer

Kviteseid Bygdetun
Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovedhuset er Flekstveitstoga (biletet oppe til høgre); første høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart påbygd i 1738. Stoga nede er rosemåla av 'den fyrste rosemålaren i Telemark' Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla 'Talleiv Målar'). Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet åpningstider klikk her

Norsk Skieventyr i Morgedal
Morgedal kan du oppleve skihistorie - også utan ski på beina. Opplevingssenteret Norsk skieventyr sameiner eldgamle tradisjonar med moderne teknologi.Her kan du oppleve ei stemningsfull vandring gjennom 4000 års skihistorie, frå dei fyrste helleristningane via vikingar, birkebeinarar, militære skiløparkompani, Sondre Norheim og fram til vår tid. Alt dette får du gjennom eit multimediaprogram som kombinerer ein forrykande film over fleire lerret med utstillingar, musikk, ljos- og lydeffektar. åpningstider klikk her

Telemarkskanalen
(Norsjø-Bandakkanalen)
Telemarkskanalen blei fullført i 1892 og har 18 sluser som lyfter dei sjøfarande frå 0 til 72 m.o.h. på den 105 km lange strekninga frå Skien til Dalen. 'Victoria' som tek 180 passasjerar og 'Henrik Ibsen' med plass til 220 passasjerar, går i rutetrafikk mellom Dalen og Skien frå mai til september. Båtane er innom Kviteseid Bryggje for av og påstigning. for rutetider viser me til Telemarkskanalen
Vest-Telemark Museum
Den gamle garden Vindlaus er bygd ut til eit fascinerande og mangfaldig friluftsmusé. Midt i eit frodig og mektig kulturlandskap ligg museet og syner deg århundrelange tradisjonar i folkekunst og handverk med rikt dekorerte arbeid i sylv, tre og tekstil.
Tlf.: 35 07 73 31 / Fax: 35 07 70 85
Opningstider: 1. juni- 1. september, elles etter avtale. åpningstider klikk her
www.vest-telemark.museum.no
E-post: vest-telemark.museum@tokke.online.no
Sist oppdatert 19.05.2010