Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Skatt

NB! Kviteseid og Nissedal kommunar har eit felles kontor som sekretariat for skatteoppkrevjarane. Dette kontoret er lokalisert i Kviteseid. Den sida for teneste/innhald du er på nå høyrer inn under dette kontoret sitt ansvarsområde. Du er derfor nå på heimesida til Kviteseid kommune. Dersom du ynskjer å navigere vidare til Nissedal kommune skal du klikke her.

Arbeidsdelinga innafor skatt kan i hovudsak delast i to.

Det fyrste er å fastsette kor mykje den einskilde skal betale i skatt ut frå gjeldande reglar og oversyn over inntekts- og formuestilhøve. Denne delen - likninga - er det skatteetaten ved likningskontora som gjer. Skattekort får du og av skatteetaten. Du kan be om nytt på nettet. Skatteetaten har omfattande rettleiing på nettet. Du finn dei her.

Når det gjeld likning kan du kontakte: 
Skatt Sør
Postboks 2412
3104 TØNSBERG 
Telefon: 80 08 00 00 
e-post skattsor@skatteetaten.no

Den andre delen - å innbetale skatt dvs skatteinnkrevjing - er det kommunane som gjer på vegne av stat og kommune. Det er skattekontoret for Kviteseid og Nissedal som krev inn skatten i dette geografiske området.

KONTAKT: Skatteoppkrevjaren i Kviteseid, 3850 Kviteseid
                
Telefon: 35 06 81 43 e-post : kristi.skare@kviteseid.kommune.no

Dersom beløpa for innbetalt forskotstrekk og forskotsskatt ikkje stemmer med dine oppgåver skal du kontakte skatteopkrevjaren.

Kommunen sine bankkontonr
Kommunen har ulike bankkontonummer for innbetaling, avhenging av kva som skal betalast.
For å betale ein faktura du har motteke, bruk bankkontonr. 2801.13.89114
For å betale inn skatt (ikkje eigedomsskatt), bruk bankkontonr. 6345.06.08299
For anna innbetaling, bruk 2660.07.00145

 

Sist oppdatert 22.02.2010