Skule og utdanning
Organisatorisk høyrer dette området i Kviteseid under sektor for skule og barnehage. Sektorleiar er: Ellen Marie Prag tlf 35 06 81 18 mobiltlf 948 36 365. e-post ellen.marie.prag@kviteseid.kommune.no
Du finn viktige temasider i vesntremenyen, mellom anna om skulane våre.
Kviteseid er ein LOS-kommune, det vil seie at vi nytter ein nasjonal standard for gruppering av dei kommunale tenestene.
Kviteseid kommune har omtale av ca 210 einskildtenester jf, tenester frå A til Å. Dei tenestene som høyrer under kategorien SKULE OG UTDANNING, finn du under denne teksten. Der kan du lese tenesteomtalene.
Kviteseid kommune har nå tre grunnskular.
Kviteseid skule har 130 elevar (hausten 2010) på barnetrinnet (1- 7. klasse). Den dekker Kviteseid og Fjågesund.
Skulen er ungdomsskule (8. - 10. klasse.) for heile kommunen med 88 elevar
Straumsnes oppvekstsenter i Vrådal har 33 elevar (hausten 2010) Den er tredelt med klassetrinna 1. - 7 klasse.
Brunkeberg oppvekstsenter som dekker Brunkeberg, Morgedal, Ordal og Åsgrend har 29 elevar (hausten 2010). Den er todelt med klassetrinna 1. - 4. klasse.