Fakta om kommunen
Opningstider:
Sommarsesong (2. mai t.o.m 31. august) kl 08.00 - 15.00/Laur/søn stengt
Vintersesong: 08.00 - 15.45 Laur/søn stengt.
Adresse: Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Sentralbord 35 06 81 00
Telefaks 35 06 81 01
Bankkonto 2660 07 00145
Bankkonto for skatt 6345 06 08299
Kommunenr 0829
Organisasjonsnr 964 963 827
E-post
Post til Kviteseid kommune blir journalført av arkivet. E-post skal derfor sendast til
post@kviteseid.kommune.no
Særskilte telefonnumre:
Legekontoret 35 06 82 50
Kviteseid skule 35 05 53 00
Brunkeberg oppvekstsenter 35 05 53 40 (skule og barnehage)
Straumsnes oppvekstsenter 35 05 53 20 (skule og barnehage)
Kviteseid barnehage 35 05 53 10
Folketal: 2 507 (pr 01.01.2013)
Areal 709 km²
Kviteseid kommune ligg sentralt i Vest-Telemark. Telemarksvassdraget (Telemarkskanalen) og Arendalsvassdraget set sitt preg på landskapet. Dei flotte fjella rundt og naturen elles inviterer til ulike friluftsaktivitetar sommar som vinter.
Kommunesenteret, Kviteseid (www.kviteseidbyen.no) ligg midt mellom turistbygdene Vrådal (www.vraadal.com) og Morgedal (www.morgedal.no)
Kommunen har eit variert næringsliv bygd på reiseliv, småindustri, landbruk, handel og offentleg tenesteyting. Kviteseid har lange tradisjonar som administrasjonssenter på grunn av si sentrale plassering i Vest-Telemark og ved Telemarksvassdraget.
I Kviteseid sentrum ligg Statens hus (kommunehuset) med:
Kviteseid har landets einaste samlokaliserte domstol. Den er plassert i i 2. høgda med:
- Vest-Telemark tingrett, (www.domstol.no/)
- Øvre Telemark Jordskifterett, (www.jordskifte.no)
- NAV-kontor (www.nav.no)
- Telemark kommunerevisjon IKS
- Kyrkjekontoret
- i tillegg er alle dei kommunale kontora samla på kommunehuset.
Vidare er desse interkommunale tenestene/firma lokalisert i sentrum:
PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) for Vest Telemark
Familierådgjevingskontoret
Barnevernsamarbeidet for Vest Telemark
Vest-Telemark Næringsutvikling as (www.vest-telemark.no)
Vest-Telemark Næringsbygg as (www.vest-telemark.no )
Lensmannskontoret
Sparebanken sør, avd. Kviteseid
Kviteseid apotek
Sjukeheimen - KOS (Kviteseid omsorgssenter) ligg i sentrum.
Kommunen har desse barnehagane og skulane:
- Kviteseid barnehage
- Kviteseid skule med klassestega 1. - 10. trinn
- Brunkeberg oppvekstsenter med barnehage og klassestega 1. - 4. trinn.
- Straumsnes oppvekstsenter i Vrådal med barnehage og klassestega 1. - 7. trinn
Krodokk skule , er ein skule for vaksne psykisk utviklingshemma
Kvitsund Gymnas, (www.kvitsund.vgs.no) ligg og sentralt plassert i kommunen
Sist oppdatert 28.02.2013