Rektor og assisterande rektor
Vi har ledig stilling som rektor og assisterande rektor ved Kviteseid barne og ungdomsskule.
.
Barnehage og skule i Kviteseid kommune har m.a. desse satsingsområda: Språk og lesing, entreprenørskap og fysisk aktivitet og uteaktivitet. Kan du tenkje deg å jobbe med oss?
Vi har følgjande stillingar ledig i skule og barnehage frå skuleåret 2010/2011
Rektor (ID-160) og assisterande rektor (ID-161) ved Kviteseid barne- og ungdomsskule frå 01.08.10.
Skuleleiinga har til saman 150 % tid til leiing.
Kviteseid skule ligg nær kommunesenteret og har om lag 210 elevar. Skulen har barnesteg og SFO for sentrumskrinsen, og samla ungdomssteg for heile kommunen.
Vi ynskjer skuleleiarar som:
-
har evne til å utfordre, inspirere og leie medarbeidarar mot felles mål
-
tek initiativ og ser mogelegheiter
-
har pedagogisk bakgrunn og erfaring frå grunnskulen
-
har evne til å kommunisere og skape positive relasjonar mellom menneske
-
har god innsikt når det gjeld økonomi- og personalforvaltning
Vi kan tilby:
-
interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
-
dyktige og engasjerte lærarar
-
godt arbeidsmiljø
-
leiaropplæring
Evt. spørsmål om stillingane kan rettast til rektor Knut Haugan, tlf. 35 05 53 00 eller sektorleiar Ellen Marie Prag, tlf. 35 06 81 18.
For stillingane gjeld:
Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest ( jf. Opplæringslova §10-9 og barnehagelov
§ 19). Nynorsk er administrasjons- og opplæringsmål.
Søknad med CV skal sendast til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid
innan
05.03.10.
Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.
Sist oppdatert 12.02.2010