Ledige stillingar i skule og barnehage
Barnehage og skule i Kviteseid kommune har m.a. desse satsingsområda: språk og lesing, entreprenørskap og fysisk aktivitet og uteaktivitet. Kan du tenkje deg å jobbe med oss?
Vi har følgjande stillingar ledig i skule og barnehage frå skuleåret 2010/2011
1. Ved Straumsnes oppvekstsenter er det ledig fast stilling som lærar (ID-159) i 100 %.
Oppvekstsenteret ligg i Vrådal, og har barnehage med 18 plassar for barn 1 – 5 år, og skule med 32 elevar frå 1. – 7. klasse.
Fagbehov er spesialpedagogikk. Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Birger Skipar, tlf. 35 05 53 20.
2. Kviteseid skule
har ledig 80 % fast lærarstilling (ID-164) og vikariat for lærar (ID-165) i min. 50% stilling frå 01.08.10 – 31.07.11. Fagbehov er engelsk og spesialpedagogikk.
3. Kviteseid barnehage
har ledig vikariat for pedagogisk leiar (ID-158) i inntil 50 % stilling for barnehageåret 2010/2011. Barnehagen har 54 plassar for barn 1 – 5 år. Evt. spørsmål om stillinga kan rettast til styrar Tone Torp-Hansen, tlf. 35 05 53 10.
4. Brunkeberg oppvekstsenter
har ledig 100 % vikariat som pedagogisk leiar (ID-157) i barnehagen frå 01.08 – 01.11.2010.
Oppvekstsenteret består av barnehage med 42 plassar, skule med 36 elevar (1. – 4. klasse)og SFO. Eventuelle spørsmål til stillinga kan rettast til rektor Inger-Marie Bang, tlf.nr. 35 05 53 40, eller assisterande einingsleiar, Anne Helen Berge, tlf. 35 05 53 60.
For stillingane i pkt. 3 og 4 gjeld: Det er krav om utdanning som førskulelærar eller annan høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse for stilling som pedagogisk leiar.
For alle stillingane gjeld:
Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest ( jf. Opplæringslova §10-9 og barnehagelov
§ 19). Nynorsk er administrasjons- og opplæringsmål.
Søknad med CV skal sendast til Kviteseid kommune, sentralarkivet, 3850 Kviteseid innan
05.03.10.
Vi oppmodar om at elektronisk søknadsmodul vert nytta.
Sist oppdatert 13.02.2010