Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 838 - Kommunalsjef

Kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift – ID 838

Kviteseid kommune søkjer etter kommunalsjef i 100 % stilling i eining for samfunnsutvikling og teknisk drift med fag- og personalansvar.

Hovudarbeidsoppgåver i stillinga er:

  • Overordna ansvar for planlegging, økonomistyring og resultatvurdering av fagområda kommunal teknikk, landbruk, næring, kultur, eigedom og brann
  • Lokalsamfunnet – organisere og styre utviklingsprosjekt som medverkar innanfor området infrastruktur, attraktive bustadområde og allsidig næringsverksemd
  • VA-vaktordning
  • Medverke til aktiv framdrift i gjennomføring av kommunen sine planaktivitetar
  • Vidareutvikle ein organisasjonskultur basert på kommunen sin visjon og verdiar med fokus på kvalitet og service i saksbehandling og innbyggjarkontakt
  • Aktiv omdømebygging
  • Aktiv bidragsytar i rådmannen si leiargruppe til heilheitleg styring, koordinering og vidareutvikling av kommunen si samla verksemd

Me søkjer ein tydeleg leiar med:

  • høgare teknisk utdanning og leiarerfaring frå relevante fagområde
  • god kjennskap til politisk og offentleg forvalting og Plan og bygningslova
  • erfaring med ulike samfunnsaktørar sin interesser i planprosessar 
  • inkluderande leiarstil og god på relasjonsbygging og dialog
  • engasjement, fleksibilitet og godt humør                             

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Løn etter avtale. Nynorsk er administrasjonsspråket.

Stillinga er lokalisert på kommunehuset i Kviteseid. Kommunalsjef må disponere eigen bil i tenesta.

Kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema:

www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til rådmann Øystein Tveit på tlf. 350 68136 eller 900 86575.

Søknadsfrist: 26.06.18


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk