Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 839 - Avdelingsleiarar

Vi har ledig vikariat som avdelingsleiar for barneskulen ved Kviteseid skule i 100% stilling skuleåret 2018/19. Stillinga er 70% leiing.

Vi har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar ved Brunkeberg oppvekstsenter frå 01.08.18. Stillinga er 50% leiing.

Viktigaste arbeidsoppgåver

  • Det daglege personalansvaret for dei tilsette i skulen. T.d. timeplan, vikar, timelister/fråvær, samarbeid i personalgruppa og oppfølging av tilsette.
  • Leie personalmøte og ev.  leie eller delta på andre typar møte (t.d. tverrfagleg samarbeid, møte med føresette)
  • Deltaking i rektor si leiargruppe
  • Samarbeide om skuleutvikling
  • Ev. fungerande rektor ved rektor sitt fråvær
  • Medansvar for økonomi og budsjett
  • Ansvar for SFO

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Evne til å leie og organisere arbeidet i personalgruppa til det beste for elevane
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg kunnskap og engasjement
  • Evne til å leie, motivere og rettleie medarbeidarane mot eit felles mål
  • Evne til god kommunikasjon og å skape positive relasjonar
  • Pedagogisk bakgrunn og erfaring frå skulen
  • Det er ynskjeleg med erfaring som leiar i skulen
  • Rektorutdanning eller tilsvarande leiarutdanning

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Interessante og krevjande oppgåver

For å søkje brukar du elektronisk søknadsskjema som du finn på: www.kviteseid.kommune.no.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn på intervju.

Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med Ingunn Haugland, kommunalsjef skule og barnehage Tlf. 35068118 eller 92424086, eller konst. rektor Sigrun Kvamme 35055302 eller 97126736.

Søknadsfrist: 22.06.18

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 10.9.
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk