Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 929 - Fastlege

Ved Kviteseid helsesenter, legekontoret, er følgjande stilling ledig:

Fastlege ID 929, 100%, fast tilsetjing frå dags dato.

Arbeidsoppgåver:

  • Kurativt legearbeid inkl. helsestasjonsarbeid
  • Deltaking i interkommunal legevakt
  • Tverrfagleg samarbeid

Me kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Fastløn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Fast arbeidstid
  • 4 mnd. utdanningspermisjon kvart 3. år
  • 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kursing
  • Tilrettelegging for vidareutdanning, tilsvarande ALIS

Kommunen kan hjelpe til med å finne husvære og har fleire byggeklare bustadtomter

Full barnehagedekning i kommunen

Vidaregåande skule i kommunen og i nabokommunane

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege. Fullført LIS1
  • Må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Interesse for fagutvikling
  • Må ha førarkort og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Dagens fastlegeliste er pr. dags dato 500, men har eit tak på 900. Dette kan bli endra.

Ved tilsetjing må politiattest av ny dato leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål må leggast ved den elektroniske søknaden.

Spørsmål kan rettast til kommuneoverlege Anne Ruth S. Mikalsen på tlf. 350 68 250 eller til konstituert einingsleiar Tone M. Heggtveit på tlf. 350 68 264 / 971 76 454.            

Søknadsfrist: 16.06.19


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk