Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID 931 - Institusjonskokk

Ved eining for kjøken og vaskeri er fylgjande stilling ledig:

Institusjonskokk, ID 931, 60% fast stilling, ledig frå 27.06.19.

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4.helg, 37,5 t/v

Arbeidsoppgåver:

  • Matlaging til Kviteseid omsorgssenter (KOS) og heimebuande brukerar
  • Bestilling av varer
  • Oppfylgjing av IK – mat
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga

Vi ynskjer søkjerar som har:

  • Fagbrev som institusjonskokk
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Fleksibel og positiv i arbeidssituasjonen
  • Fagleg sjølvstendig og kreativ
  • God til å takle eit høgt arbeidstempo
  • Kompetanse på diettar og spesialkost

Vi tilbyr:

  • Spanande og varierte oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål må leggast ved den elektroniske søknaden.

Spørsmål kan rettast til einingsleiar Kristian Verstod på tlf. 35 06 82 04 eller 41 31 70 73.

Søknadsfrist:  30.06.19


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk