Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ledige stillingar ved eining for funksjonshemma

Ved eining for funksjonshemma er fylgjande stillingar ledige frå 20.08.18

Vernepleiar, ID 842, 100 %, fast stilling.

Hjelpepleiar/helsefagarbeidar, ID 843, 80%, fast stilling.

Hjelpepleiar/helsefagarbeidar, ID 844, 50% fast stilling.

Hjelpepleiar/helsefagarbeidar/miljøarbeidar, ID 845, 13,39% fast helgestilling.

Hjelpepleiar/helsefagarbeidar/miljøarbeidar, ID 846, 13,39% fast helgestilling.

Hjelpepleiar/helsefagarbeidar/miljøarbeidar, ID 847, 13,15% fast helgestilling.

Vernepleiar, ID 848, 60% vikariat i perioden 20.08.18 – 19.08.19

Stillingane er i turnus.

Vi ynskjer søkjerar som har:

  • Relevant utdanning
  • Erfaring frå arbeid med utviklingshemma
  • Kompetanse i dataprogrammet PROFIL
  • Evne til målretta og sjølvstendig arbeid
  • Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre
  • Du må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg godt
  • Førarkort klasse B

Vi kan tilby:

  • Spanande og omfattande faglege utfordringar
  • Arbeid i eit godt miljø
  • Løn etter gjeldane avtale

Ved tilsetjing må politiattest av ny dato leggast fram. (gjeld skule og barnehage)

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi oppmodar til å bruke elektronisk søknadsskjema.

Link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til einingsleiar Pauline G. Nordbø på tlf. 35 06 81 61 eller mobtlf. 90 18 86 25.

Kviteseid kommune ynskjer også kontakt med personar som kan ha oppdrag som støttekontakt for barn, unge vaksne og eldre nokre timar i veka på dag/kveld.  Tak kontakt med einingsleiar Pauline G. Nordbø på tlf. 35 06 81 61 eller mobtlf. 90 18 86 25 for utfyllande informasjon.

          

Søknadsfrist:  22.07.18



  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk