Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sommarhelsing 2018

Bilde av vann

Nok ein gong er det klart for sommarferie for dei fleste. I år fekk me smake på sommaren tidleg, det er lenge sidan ein har opplevd så varm og fin mai. Rekordvarme og nesten ingen nedbør var for mange ein god start på sommaren etter ein vinter med både mykje sno og kulde.

For bøndene som er avhengig av grasproduksjon og som skal sikre seg for til vinteren, var den tørre våren vanskeleg. Små avlingar gjer at det kan bli store utfordingar om ikkje dei seinare slåttane utover sommaren blir mykje betre. Det er det motsette av i fjor, då var det så vått at det var vanskeleg å kome ut på jorda for hauste inn både for og korn. Det å vera gardbrukar og leve av naturen har mange utfordringar og kanskje den største er naturen sjølv, været kan ingen styre.

Jordbruket er viktig i Kviteseid kommune og eg håpar at næringa får det været som trengs for å sikre seg nok for denne sommaren. Det er viktig at den dyrka marka som er i bruk blir bruka optimalt og at tilgjengeleg beitemark blir disponera slik at den ikkje gror att.

For oss politikarar er det viktig å tenke på den matjorda me har i kommunen og korleis me kan ta vare på den. Spesielt nært sentrum er det utfordrande, attraktive tomter og busetting kontra jordbruk er eit vanskeleg val.

Rullering av kommunens arealplan er godt i gang og den skal vedtakast av kommunestyret no i haust. Det har kome innspel på nye bustadområder, hyttefelt og næringsområder og landbruket skal òg få sin plass. Saman med den nyleg vedtekne samfunnsplanen blir kommunen nå godt rusta med dei to viktigaste planane å styre etter framover på plass. Bruk og binding av areal til utbygging kan gje store konsekvensar og ikkje minst mange mogelegheiter. Ein overordna plan er derfor viktig og planen vil gje langsiktige signal som kommunen kan styre etter.

Sommar betyr ferie og med dette været treng ein ikkje reise langt for å få feriefølese. Ein tur ut på verandaen, ein kaffekopp, ei god bok og masse vakker natur rundt, gjer at roen kjem fort desse varme og ljose kveldane. I sommar er mitt mål å besøke dei stadane i nærområdet eg ikkje rakk i fjor og turskoa skal bli bruka flittig for sjekke ut toppane rundt omkring i kommunen. DNT og Kviteseid Turlag sin tur-APP er eit godt hjelpemiddel her. Hugs bålvettreglane og tenk deg om før du fyrar opp eingongsgrillen.

Ha ein fin sommar

Tarjei Gjelstad

Ordførar


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk