Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehagesopptak i Kviteseid kommune 2018-2019

Du kan nå søke på barnehageplass for 2018-2019. Søknadsskjema finn du på heimesida til Kviteseid kommune under overskrifta «skjema».
Nytt barnehageår for nye barn eller endring av plass startar måndag 20.8.2018.

Barnehagane har fylgjande tilbod:  

  • Kviteseid barnehage: 2, 3, 4 og 5 dagars tilbod
  • Straumsnes oppvekstsenter: 2, 3, 4 og 5 dagars tilbod
  • Brunkeberg oppvekstsenter: 2, 3, 4 og 5 dagars tilbod

Kviteseid kommune har elektronisk søknad om plass/endring eller oppseiing av barnehageplass.

Barn som fyller eitt år innan utgangen av november har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år. Retten gjeld berre viss det er søkt innan 1.mars til hovudopptaket.
Barn som fyller eitt år seinare enn november, og som ikkje får plass i hovudopptaket, vil bli sett på venteliste og  tildelt plass dersom det blir ledig plass i barnehagane.
Det blir tildelt ledige plassar ut frå retningslinene i barnehagane sine vedtekter.

Søknadsfrist: 1.mars 2018

Velkomen til barnehagane i Kviteseid!

Helsing

Kommunalsjef skule og barnehage

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk