Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Den store strandryddeveka

Marint avfall og plastforsøpling er ei stor miljøutfordring og det er mange eksempel på kva dette fører med seg av problem i nærområde og på dei store havområda. Dette eigarlause søppelet startar ofte si reise i nærmiljøet og derfor er det viktig at dette avfallet blir samla opp tidleg før det havnar ute vassdraga, elvane og sjøane.

I Kviteseid har me mange fine elvar og vassdrag som har flotte strandområder. Dessverre finn me også plast og anna avfall langs desse elvene. Derfor vil Kviteseid kommune saman med dei fem andre kanalkommunane (Skien, Sauherad, Notodden, Nome, Tokke) rydde opp i dette avfallet. Me kjem til å samarbeide med Kystlotteriet som har stor erfaring med slike aksjonar. For kvar sekk ein fyller med marint avfall blir ein med i trekking av lokale og nasjonale premiar. Når ein knyter att sekken fylgjer det med eit lodd som ein skal skrive namnet sitt på. Desse blir samla inn og ein blir med i trekkinga av premiar.

I Kviteseid kan ein hente sekkar på kommunehuset frå 2.mai. Ein kan òg ringe resepsjonen på tlf. 35068100 slik at sekkane kan leggast ut. Mottaket av sekkane er på Renovest sitt mottakspunkt ved Grisehagen/Prestegardshamni (gamle VTB). Her vil det stå eigne konteinarar til sekkane frå Kystlotteriet og ei eiga postkasse til å legge lodda oppi. Det er viktig at ikkje anna søppel blir lagt opp i desse konteinarane .

I Kviteseid blir den store aksjonsdagen 3. og 4. mai. Elevane frå Kviteseid skule vil starte sin ryddeaksjon fredag 3.mai  kl. 12.00 og rydde utover dagen. Kommunen håpar at fleire blir med denne ettermiddagen og laurdag 4. mai slik at me får samla opp masse marint avfall og fylt konteinarane.

Lag og foreiningar, politiske parti, butikkar og andre blir utfordra til å delta.

Kontaktperson ordførar Tarjei Gjelstad tlf. 95241315


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk