Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Digital kommunikasjon – Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark

Frå og med tysdag 03.01.2017 startar Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark å sende ut posten digitalt. Dei som har reservert seg eller aldri vore inn på Altinn, vil framleis motta post i postkassa som før.

Stortinget har vedteke lovendringar som inneber at stat og kommune skal gå over til å kommunisere på nett med innbyggjarane frå 01.01.2016. Overgangen vil skje gradvis. Som innbyggjar kan du gje beskjed om at du heller ønskjer å få vedtak og andre brev med innhald som er viktig for deg, på papir. Det gjer du ved å reservere deg.

Dersom du aldri har registrert mobilnummeret ditt eller e-postadressa di ved innlogging til ei offentleg teneste på nett via ID-porten, treng du ikkje reservere deg. Då kan ikkje det offentlege varsle deg om viktig post på SMS eller e-post, og må difor sende ut på papir.

Om du tidligare har nytta deg av digitale tenester, men heller vil ha det på papir i framtida, må du altså aktivt reservere deg mot å ta mot kommunikasjon digitalt.
Reserver deg mot kommunikasjon på nett via www.noreg.no – "Oppdater kontaktinformasjonen din".

Kva inneber det å reservere seg?

Reservasjonen vil gjelde for
• Einskildvedtak
• Førehandsvarsel etter forvaltningslova § 16
• Meldingar som er avgjerande for rettsstillinga di eller for behandlinga av saka, og
• Meldingar som det av andre grunnar er svært viktig at du får

I klartekst betyr dette at dersom du reserverer deg, vil brev som inneheld informasjon som er viktig for deg, bare bli sendt til deg på papir. Det kan for eksempel vere skatteoppgjeret, brev om tildeling av barnehageplass, byggeløyve eller vedtak om ytingar frå NAV. Har du reservert deg, gjeld det for heile offentleg sektor, både stat og kommune.

Digital postkasse for innbyggarar

Det offentlege ønskjer å sende deg post digitalt i staden for på papir. Med ei digital postkasse kan du få post frå det offentlege sikkert levert og tilgjengeleg på PC, nettbrett og smarttelefon. Du blir varsla på mobil eller e-post når du mottek viktig post frå det offentlege. Du kan lagre posten i postkassa så lenge du sjølv ønskjer, og ho er gratis å bruke.

Med ei digital postkasse vil vedtak, svar på søknader og andre viktige brev bli sendt til den digitale postkassa din. Det vil ta litt tid før alle offentlege verksemder er klare til å sende deg post digitalt. Du vil difor framleis få ein del post frå det offentlege på papir.

Alle som har oppretta postkasse hjå e-Boks eller Digipost vil gradvis få post frå det offentlege levert i si digitale postkasse.

Kva kan eg ikkje reservere meg mot?

Dersom du har reservert deg, men har oppretta digital postkasse eller oppgitt e-postadresse og mobilnummer når du har logga deg inn på offentlege tenester på nett, vil stat og kommune framleis kunne sende deg servicemeldingar, informasjon og liknande. Det kan for eksempel vere e-post, SMS eller digitale brev med påminning om legeavtalar, varsel om stenging av vatn eller beskjed om når det blir snømoking i gata der du bur, slik at du får høve til å flytte bilen din.

Gradvis overgang til kommunikasjon på nett

Reservasjonen din vil bli lagra i eit felles kontaktregister for stat og kommune. Det vil ta litt tid før alle dei statlege verksemdene og alle kommunane tek i bruk registeret. Frå 1. januar 2016 er det obligatorisk for stat og kommune å undersøke i dette registeret om du har reservert deg mot kommunikasjon på nett. Statlege verksemder og kommunar må fram til dei tek i bruk registeret, ha samtykke frå deg for å kunne kommunisere med deg på nett.

For meir informasjon, sjå www.noreg.no

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk