Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Etablerarkontoret i Vest-Telemark

I Telemark har alle kommunane ei førstelinjeteneste som er gratis og som vil gje deg gode
råd slik at du kan gå frå idé til ny verksemd.
Kommunane har kvar sine lokale leverandørar, og i Vest-Telemark er det Telemark
Næringshage AS som har denne tenesta frå Januar 2017.

Første kontakt og kartlegging:

TNH vil levere tenesta på tvers av den varierte kompetansen våre rådgjevarar har,
men Thomas Berstad har overoppsyn for tenesta, og første kontakten med etablerarane.
Vi vil legge vekt på at den første kontakten, enten på telefon, epost eller drop-inn blir veldig
imøtekommande, men at vi hentar inn mest mogleg informasjon fra etablaren, slik at vi kan
hjelpe mest mogleg effektivt.
Ein del av den første kontakten blir nytta til å registrere/ kartelegge behov ved hjelp av denne
lenka: (Det tek 5 – 10 minutt å fylle ut)
https://no.surveymonkey.com/r/etablerarkartlegging
Denne er laga for at vi skal kunne hjelpe deg som etablerar mest effektivt.
Dersom nokon ikkje har tilgang på pc, så får du hjelp til å fylle ut.
Basert på denne kartlegginga vil vi fordele etablerarane mellom rådgjevarane våre, basert på
erfaring og kompetanse.

Hjelpa

Etter at kartlegginga er gjort så avtalar vi saman med etableraren, vegen vidare for
kontakten.
Her vil vi gjere kontakten så individuelt tilpassa som mogleg. Nokre vil foretrekke eitt møte,
andre treng kanskje råd over telefon eller epost.
Denne delen av tenesta ser vi føre oss å levere innanfor to veker frå første kontakt, med
mindre etableraren ønsker anna, eller har særskilte behov.

Tid til kvar?

I gjennomsnitt har vi ca 3 timer tjeneste per etablerar.
Men det er viktig å framheve at ved trong vil vi ha meir tid til dei som treng det.

Oppfølging:

Alle etablererar vil få oppfølging etter 3 månader. Her vil vi prøve å yte litt meir hjelp dersom
nokon fortsatt står «heilt fast».

Drop-in kontor

Vi startar opp med drop-inn kontortid lokalt i kvart kommunesenter, ein dag annakvar veke:
• Fyresdal: Onsdag 10:00 – 14:00 – partalsveker ved NÆRINGSHAGEN.
• Nissedal: Onsdag 10:00 – 14:00 – partalsveker på KOMMUNEHUSET.
• Seljord: Tirsdag – 10:00 – 14:00 – parttalsveker på TELEBYGGET.
• Kviteseid: Tirsdag – 10:00 – 14:00 – oddetalsveker ved NÆRINGSHAGEN.
• Vinje: Onsdag 10:00 – 14:00 – oddetalsveker på KOMMUNEHUSET.
NB: grunna Vest-Telemark Konferansen blir første kontordag i Vinje
Tirsdag 31 Januar, dernest går det over til vanlig oddetalstalsplan på onsdagar.
• Tokke: Onsdag 10:00 – 14:00 – oddetalsveker på KOMMUNEHUSET.
NB: grunna Vest-Telemark Konferansen blir første kontordag i Tokke
Tirsdag 31 Januar, dernest går det over til vanlig oddetalsplan på onsdagar.
Vi er sjølvsagt å treffe i kommunesentra på andre tider etter avtale,
eller i Telemark Næringshage kvar vekedag.

Etablererkontoret i Vest-Telemark

levert av Telemark Næringshage AS
Kviteseidvegen 18, 3850 Kviteseid
Telefon: 359 01 190
Epost: etablerar@telemarknh.no

Thomas Berstad
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk