Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Innbyggarvarsling frå Kviteseid kommune

Kviteseid kommune har teke i bruk varslingssystemet Varsling24 for at innbyggarane i et definert område kan varsle om hendingar via SMS.
Vi kan varsle på SMS til mobiltelefon og talemelding til fasttelefon.

Når blir systemet brukt?

Det kan for eksempel være ved stenging av vatn, stengte veier, evakuering og andre forhold som krev rask informasjon. Det kan også brukast til å sende informasjon som kommunen

meiner er relevant å få ut til alle innbyggarane med.

Varslingssystemet er integrert med et kartsystem som gjør at kommunen raskt kan varsle alle som bor i et geografisk område.

Du må aktivt gjera ei registrering av ditt telefonnummer på adressa di dersom du:

  • Nylig har flytta eller av andre grunnar ikkje er oppført med telefonnummeret ditt på adressa
  • Har mobiltelefon registrert på arbeidsgivar
  • Har hemmeleg telefonnummer
  • Merk: Bedrifter/organisasjonar  må registrere kontaktpersoner med mobilnummer for å kunne mota varsling på verksemda si adresse

Kan vi nå deg?

Det finnes to ulike registre ein kan velje å registrere seg i for at vi skal nå privatpersoner (Her kan du også kontrollere om du er registrert).

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon  I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefaler vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse da mange meldingar frå det offentlige vil skje her i framtida. Dette på lik linje med sjølvmelding som kanskje er kjent frå tidligare.
  2. www.varslemeg.no  som er et tilleggsregister bare kopla opp mot Varsling24.

Bedrifter

Bedrifter må registrere nøkkelpersoner ved å gå inn på linken www.varslemeg.no
da telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

Ofte spurte spørsmål

For nærare informasjon sjå også ofte spurte spørsmål om varsling

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk