Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kanalveke i Kviteseid

Måndag 12. juni kl. 17.00 står ordførar Tarjei Gjelstad for den offisielle opninga av Kanalveka.
Då opnar også utstillinga til Kviteseid historielag og kulturskulen i kommunen på Galleri Pakkhuset.
Danseelevar i kulturskulen underheld.
Tysdag kan ein bli med gå-gruppa til Ågapet.
Liv Sandvik Jacobsen inviterer til koftecruise på M/S Victoria på torsdagen.
Her blir det vist fram kofter, smykke og klede frå lokalt næringsliv.
Fredag 16. og laurdag 17. juni er det klart for Victoriafestivalen i Kviteseid.
Historielaget presenterer Werenskioldframsyninga båe dagane.
Fredag har kulturskuleelevane konsert og Sonja Bakken Braun får tildelt Drømmestipendet.
Laurdag er det mellom anna fisking, sykling og stafett på programmet, i tillegg til den store styrkeprøva.
Det blir også tid til quiz, meir frå kulturskulen, og avslutning med bryggedans til populære Rotlaus.
Fylg med på Kviteseid kommune si FB-side eller på Kva skjer i Kviteseid. Du finn òg programmet for veka på www.kviteseidbyen.no
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk