Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kosa-skulen, Noregs eldste lærarseminar 200 år

På Kosi i Brunkeberg starta Noregs fyrste lærarskule i 1819. Sundag 26. mai i Brunkeberg og sundag 16.juni på Kviteseid bygdetun skal dette markerast.

Program 26.mai:

Kl. 15.30: Me går frå Brunkeberg kyrkje til Kosi

Kl.16.00: Start på Kosa-plassen:

  • Velkomen v/ordførar
  • Kosa-skulen, eit historisk tilbakeblikk

Kl.17.00: Avgang tilbake til Brunkeberg kyrkje

Kl. 17.30: Kaffe og kake ved kyrkjelydsutvalet

Kl.18.00: Brunkeberg kyrkje:

  • Innleiing v/biskop Stein Reinertsen, kyrkja si rolle i lærarutdanninga
  • Olea Crøger, kvinneleg lærar på Kviteseid seminar og ei viktig folkevise- og folkeminnesamlar i Noreg.

                Ved Hæge Manheim, Kari Lønnestad og Ågapet

Program 16.juni:

Kl.11: Messe Kviteseid gml. kyrkje 

Kl 13: Kviteseid bygdetun velkomen v/ordførar

  • Allsong piano
  • Knut Jordheim – Kosaskulen i nasjonal samanheng
  • Song og spel ved Symre Taugbøl Bang

14.00: Matpause – VTM/styre i bygdetunet sel mat

14.45: Programmet fortsett

  • Allsong
  • Johannes Skarprud – Kosaskulen i lokal samanheng
  • Song v/ Veslemøy og Jon Solberg, Sven Ohrvik på tangentar – lokale tekster

Kl. 15.45: Avslutning v/ordførar

Eit lite historisk tilbakeblikk:

For 200 år sidan, 19. januar 1819 starta Kviteseid seminar opp på garden Ni-Kosi i Brunkeberg i Kviteseid kommune. Dette blir rekna som den fyrste lærarskulen i landet i og med at skulen fekk støtte frå staten. På folkemunne blei skulen kalla for Kosa-skulen.

Prost i Øvre Telemark, Niels Windfeld var tidlegare sokneprest i Kviteseid. Han skreiv i testamentet sitt i 1798 at Kviteseid skuleklasse skulle få 1000 dalar etter han. I 1807 hadde han bestemt formålet, han ynskte å gi pengane til ein fast plass for lærarutdanning.

Kosi i Brunkeberg eigna seg til formålet og Winfeld søkte kongen om at garden, som høyrde til Kviteseid sokneprestembete, måtte bli gitt til skuleverket og som fastskule for lærarutdanninga. Dette fekk han gjennomslag for, kong Christian 7 ga dette positive svaret:

"Herved tillades, at ovenmeldte Gaard Kirkegroven kaldet, maa på grund af Provst Windfeld ansøgte Maade skjenkes til en fast Skole-Bygnings Opførelse for Præstegjeldet, dog at Gaardens nuværende Bygselmand og Hustru derved ikke krænkes i deres lovlige Rettigheder."

I dei 70 åra som skulen dreiv i Kviteseid fekk den mykje å seie for utdanninga av ungdom i Øvre Telemark. Skulen utdanna lærarar til skuleverket i regionen, og dette førde til at Telemark fekk langt betre undervisning i skulane enn mange andre stader i landet. Etter kvart blei det ganske mange som hadde denne utdanninga. Dette var viktig når det nye lokaldemokratiet skulle byggast etter at formannskapslovene vart vedtekne i 1837.

Det er fleire kjente personar som har vore elevar/lærerar ved skulen.  Dei mest kjente er Aasmund Olavsson Vinje som var elev før han vart lærar og folkevise- og folkeminnesamlar Olea Crøger som var ein av lærarane.

Seminaret blei flytta ned til Kyrkjebøen i Sundbygdi i åra 1845 til 1848. Skulen fekk etter kvart plass på Moen skule og heldt fram til han blei lagt ned i 1889. Skulebygningen er ikkje på plassen Kosi i dag. Den finn eit att i Kviteseid der den fungerer som eit vanleg bustadhus i dag.


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk