Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Modernisering av Kviteseid skule

Skulebygget som er tilbake til 1970-talet vil etter ombygging bli som ein ny og moderne skule som dekker lovkrava og behovet for ein skule inn i framtida. Moderniseringa er høgst nødvendig sidan skulebygget ikkje fyller dagens krav til luftkvalitet, ljos og lyd.

Frå revidert læreplan som skal innførast frå hausten 2019, ligg det føringar om at skulen skal jobbe fagovergripande med m.a. folkehelse og livsmeistring. Skulen skal også bidra til å utjamne sosiale forskjellar. Å kunne legge til rette for ei kantine/samlingsrom, og det sosiale samværet det inneber, verkar inn både på folkehelse, livsmeistring og elevane sin trivsel. Det er også med på å utjamne sosiale forskjellar.  

Lærarane opplever stadig større behov for og krav til samarbeid, både internt og tverrfagleg. Dette stiller igjen krav til utforming av arbeidsrom og møterom. Det er forventingar om ei relasjonsbasert klasseleiing, noko som fordrar at elevar og lærarar er tettare på kvarande i kvardagen, enn det vi i dag får til med nåverande utforming av Kviteseid skule.

Bygget blir tilnærma totalrenovera med utskifting av glas og ekstra isolering innvendig i heile 1. etasje. I denne etasje blir det også bygd ut ekstra areal for å få nok klasserom, og for å få toaletta innomhus. I 2. og 3. etasje blir dårlege glas byta, og det blir etterisolert på loftet. Sløydsalen skal gjerast sikker med tanke på maskinar og støv. I 3. etasje blir det eigen avdeling med tanke på elevar med spesielle behov, kontor og grupperom for lærarar. Skulekjøkkenet blir heilt nytt saman med kjøl og frys. Det skal inn ny ventilasjon som er dimensjonert for kjøling på sumaren, og med styring for å spare energi. Det blir ny belysning og nytt elektrisk anlegg i dei fleste areal, og nye toalett i 1. etasje. Alle Innvendige overflater vil bli pussa opp slik at bygget får ei ny framtoning for lærarar og elevar. Bygget vil få nytt brannvarslingsanlegg, brannceller, og bli brannteknisk godkjent. Ombygginga vert utført med tanke på universell utforming, og for å få godkjente forhold med tanke på lyd, lys og luft.

Total ramme for prosjektet er kr. 37 500 000. I denne summen er det leige av brakkerigg som skal nyttast midlertidig som skule, internt varslingssystem (beredskap) og mva. som kommunen får tilbake. I forhold til ei ramme på kr. 16 000 000 som var bestillinga,  vedtok  kommunestyret å gå for full ombygging for å få ein betre heilhet i prosjektet.

Skissene viser korleis den «nye» Kviteseid skule vil sjå ut:




  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk