Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Møte om friviljugheten i Kviteseid kommune

Kviteseid kommune ynskjer å invitere alle lag og organisasjonar som jobbar med friviljug arbeid i kommunen.
Møte blir måndag 24. oktober kl. 18.00 i kommunestyresalen, Kviteseid kommunehus

Telemark fylke har lagt fram sin «Friviljugmelding for 2016-2020». Meldinga er basera på mange innspel frå friviljugheten og vil legge føringar for korleis ein bør arbeide framover.

Mange av tilbakemeldingane viser at det er eit ynskje/behov for meir kontakt med sin lokale kommune, og mellom lag og organisasjonar innafor kommunen på tvers av interesseområdet.

Derfor ynskjer Kviteseid kommune å invitere til ei samling for alle lag og organisasjonar som jobbar med friviljug arbeid.
Vi ynskjer at kvart lag stiller med ein eller to personar frå styret for å drøfte korleis ein best kan samarbeide framover.

Telemark fylke har eit «Forum for friviljughet og folkehelse» som er samansett av fleire friviljuge organisasjonar og som skal bygge nettverk mellom dei ulike interesseområda og fylkeskommunen.
Denne modellen kan kanskje brukast lokalt i Kviteseid kommune som eit organ som organisasjonane kan bruke for å styrke samarbeidet, og som kommunen kan rådføre seg med. Dette ynskjer vi å få tilbakemeldingar på.

Kviteseid kommune har vedtatt å starte opp ein friviljugsentral, og kommunen vil gjerne drøfte korleis sentralen kan bli til nytte for alle friviljuge og organisasjonane. Ein friviljugsentral kan fort oppfattast som ein teneste bare for eldre som hjelper eldre, men kommunen har tru på at friviljugsentralen kan bli meir enn det.
Ein koordinering av det friviljuge arbeidet blir viktig, Kviteseid kommune er så heldig å ha mange friviljuge og eit stort tilbod på aktivitetar.

Program:

  • Kva betyr det friviljuge arbeidet i Kviteseid kommune v/ordførar
  • Friviljugsentral v/rådmann
  • Kva gjer vi framover – innspel frå alle

Med beste helsing

Tarjei Gjelstad                                                                                                                                               Øystein Tveit

Ordførar                                                                                                                                                           Rådmann

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk