Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Mottak av kasserte fritidsbåtar

Mindre fritidsbåtar opptil 15 fot (4,57 meter) kan leverast gratis til følgjande betjente avfallsmottak:

Brunkeberg:              Måndag, tysdag, onsdag, fredag kl.08:00-14:30

                                   torsdag  kl.08:00- 19:00

Skårmoen:                 Måndag kl. 14:00- 19:00

Vistadmoen:              Tysdag   kl. 14:00- 19:00

Hovdestadmoen:      Onsdag  kl. 14:00- 19:00

Ordninga gjeld ikkje for fritidsbåtar med innanbordsmotor, aluminiumskrog eller for kjøl og innvendig ballast i metall. Båten skal ikkje innehalde avfall og forureiningar som ikkje er ein normalt del av ein fritidsbåt.

Tilskotsordning kr. 1000,- per fritidsbåt, kva må ein gjera?

  • Den som leverer fritidsbåten må ta med skjema Fritidsbåtar til mottaket for å få stadfesta at båten er levert, alle felt i skjemaet må fyllast ut.
  • Det må leverast eitt skjema per båt. Skjemaet skal leggas ved søknad for refusjon. Ein søker om refusjon på Miljødirektoratets elektroniske søknadssenterSøknader utan eller med ufullstendig utfylt skjema for stadfesting, vil ikkje bli handsama.

Søknadsfrist

Det må søkas same år som båten kasserast, i perioden 1. januar til 1. desember kvart år. 

Treng du hjelp?

Spørsmål kring innlevering av fritidsbåtar kan rettast til Renovest IKS, tlf.350 68 000 eller e-post post@renovest.no

Spørsmål kring tilskotssøknad rettas til Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller e-post esshjelp@miljodir.no

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk