Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nye kommuneplanar

Kviteseid kommune arbeider med ny kommuneplan for perioden 2017-2029. Både samfunnsdelen og arealdelen skal reviderast og vi ynskjer innspel til planarbeidet. Desse planane skal Kviteseid kommune styre etter dei neste tolv åra så det er viktig at alle innspel kjem inn før planane endeleg skal vedtakas på nyåret 2018.

Vi ynskjer at bedrifter, lag og organisasjonar og innbyggjarane tar kontakt med oss for å kome med sine innspel.
Eksempel på viktige spørsmål er kva skal kommunen satse på, korleis aukar vi folketalet, kan vi få til meir næringsutvikling, ynskjer vi meir hytteutbygging/reiselivssatsing og utfordringar for landbruket.
Andre eksempel er kva kan vi gjera for kulturlivet, det frivillige arbeidet, folkehelse-utfordringane framover og tettstadutvikling.

Spørsmåla er mange og vi ynskjer at du blir med å finne dei rette svara. Ordførar og rådmann ynskjer å møte deg til ein prat og ein kaffekopp desse stadane:

 Vrådal   Kafé Handelslaget   26/9   15.00 - 18.00 
 Fjågesund
 Grendehuset
 28/9
 16.00 - 18.00
 Kviteseid
 Waldenstrøm
 3/10
 15.00 - 18.00
 Morgedal
 Norsk Skieventyr
 4/10
 15.00 - 18.00

Folkemøte på kommunehuset Kviteseid 12/10, kl. 18.00. Her kan du treffe andre politikarar òg.

Vi er sjølvsagt òg tilgjengelege til ein prat utanom desse dagane, det kan vera lettare å få til ein til ein møte andre dagar om det er ynskjeleg.
Kom gjerne innom kommunehuset, både ordførar og rådmann vil gjerne møte deg og drøfte om kva Kviteseid kommune skal satse på framover.

Telefon og e-post:

Ordførar Tarjei Gjelstad: 95241315 eller tarjei.gjelstad@kviteseid.kommune.no

Rådmann Øystein Tveit: 90086575 eller oystein.tveit@kviteseid.kommune.no

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk