Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Pårørandeskule i Fyresdal i september

Fyresdal pleie- og omsorgssenter inviterer pårørande til personar med demens, og andre som har interesse av å få høyre meir om demens i Fyresdal, Tokke, Nissedal og Kviteseid til Interkommunal pårørandeskule på Pleie- og omsorgssenteret i Fyresdal i september 2017.

Der er ingen deltakaravgift, men påmelding innan 4.september 2017 til Fyresdal pleie- og omsorgssenter tlf; 35067167,

eller til gruppeleiar avd. Nordstøg Gry S. Åmlid tlf; 35067155/35067155 eller på epost : gry.bergland@fyresdal.kommune.no

Ingen eksamen! Samlingane vil bestå av førelesingar og tid til spørsmål og samtaler.

4 onsdagar frå kl 1800-2100

  • 6.september: Ulike demensdiagnoser, medisinering og behandling. Ved overlege Ulrike Sagen ved Alderspsykiatrisk avdeling, Sykehuset Telemark
  • 13.september: Korleis ta vare på seg sjølv i møte med alvorleg sjukdom som pårørande. Ved Sykehusprest Terje Talseth Gundersen og prostdiakon Eilev Erikstein
  • 20.september:Miljøbehandling, samtykkekompetanse og verjemål. Ved spesialsjukepleiar Vigdis Aaltvedt
  • 27.september:Pårørandehistorie ved Aage Håtveit

Kviteseid demensforening
Kommunale tilbod ved tenestekontoret i Fyresdal, Siv S. Seltveit

Bevertning

Kake, kaffe/te

SAMAN VIL ME PRØVE Å GJERE SAMFUNNET MEIR DEMENSVENNLEG
FOR PERSONAR MED DEMENS OG DEIRA PÅRØRANDE.

VEL MØTT!

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk