Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sesongopning på Norsk Skieventyr

Ny utstilling med Team Telemark, opning laurdag 27.01.2018 kl.18.00

                   Frå skisportens vogge -  til verdiskapande framtid
Program opning:

  • Velkomen av Pål Kristiansen og Kristi Marie Tveit
  • Innleiing av Team leiar Hans Kristian Lahus
  • Tema: Frå amatør til profesjonell lanngrennsløypar
  • Utstillingsopning ved utøvarane: Ånund Lid Byggland og Mikael Gunnulfsen
  • Servering av kaffe/drikke og kake, fri entre.          

   

Team Telemark dreg linja frå Sondre Norheim i MORGEDAL fram til dagens moderne langrennsløyperar og rake vegen inn i framtida.
Team Telemark er tufta på den norske kulturarven.

Telemark er mykje meir enn eit fylke, tenk på Telemarkski, Telemarknedslag, Telemarksbataljonen, Telemarksløyperar, Telemarksbunad og nå også Team Telemark.

Team Telemark er eit profesjonelt team med ambisjonar om å lykkast i skisporet. Målet er gode resultat på mange felt og bidra til engasjement rundt langrennsporten . Ei bærebjelke er å drive eit langrennsteam for begge kjønn. Dette er meint som eit forbilde, men også vise at det er mogleg å oppnå gode resultat, lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Utstillinga vil fortelje om Team Telemark sine mål, organisering av treningssamlingar, utstyr, kven som er med i teamet  og  samarbeidspartnerar. I tillegg vil ein syne bunadsdrakt frå Almanakås i Bø, grunnmønsteret i teamet sine treningsklær er henta frå bunadsskjorta frå 1850, som ein vil kunne sjå i utstillinga.

I museet på Norsk Skieventyr kan ein elles sjå  dei faste utstillingane av Telemarkski, Polarhistorie, Skimaking, Vinter OL – og mykje meir.

Kaféen og suvenirbutikken er opent frå kl. 11.00 laurdag og sundag.

For meir informasjon kontakt :      

Pål Kristiansen                                                       Eller Kristi Marie Tveit
Leiar Team Telemark                                                      Avdelingsleiar Norsk Skieventyr
Telefon 907 82 550                                                          459 68 959
E-post: kristiansen@teamtelemark.no                       kmt@vtm.no

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk