Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Skogbrannfaren i Vest-Telemark

Tidlegare vedtak fatta av brannsjefane i Telemark gjaldt forbod mot bruk av all open eld som kunne antenne gras, skog og liknande inntil situasjonen endra seg ift skogbrannfaren. I tillegg til gjeldande forbod mot å gjøre opp eld i eller i nærleiken av skog og annen utmark, blei det også innført forbod mot bruk av open eld i innmark og det ble betrakta som uaktsomt å tenne røyk og røyke i nærleiken av skog og utmark. Vedtaket ble fatta med heimel i Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff mv. § 37, jf. forskrift om brannforebygging § 3.

Skogbrannfaren vurderast generelt på Østlandet som fortatt meget stor ifølge Yr, men i enkelte kommunar i Telemark er skogbrannfaren redusert til et «normalt» nivå pga ulik nedbørsmengde.  

Brannsjefen i følgande kommunar opphevar vedtaket som ble innført 13.07 2018 kl 08:00 ifbm skogbrannfaren:

Oppheving av tidlegare vedtak gjelder frå torsdag 08.08.2018 kl 08.00

  • Nissedal kommune
  • Fyresdal kommune
  • Kviteseid kommune
  • Seljord kommune
  • Tokke kommune
  • Vinje kommune

Det er viktig å presisere at sjølv om vedtaket som brannsjefane i Telemark tidlegare innførte er oppheva, gjelder fremdeles det generelle bålforbodet i perioden frå 15.april til og med 15.september om at eikvar har en aktsomhetsplikt. (ref. Lov om brannvern kap. 2, § 5 Den enkeltes plikt til å forebygge og begrense skadevirkningene ved brann, eksplosjon og annen ulykke og Forskrift om brannforebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet

Der man gjør opp eld eller behandlar brannfarlige gjenstandar, må man være særlig oppmerksom på faren for uønskt antenning og spreiing. Ved disse aktivitetane kreves spesiell aktsemd og at ein tek nødvendige forholdsreglar.  

Aktsomhetsnormen er her strengare enn for andre aktiviteter.

For meir informasjon om skogbrannfarevarsel sjå: https://www.yr.no/spesialvarsel/skogbrannfare.html

Ved brann eller farlege situasjonar, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk