Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Stadsnamn i Kviteseid

På 1970- og 80-talet samla Thor H. Wraa på Gotuholt i Kviteseid stadnamn frå heile kommunen. I 2018 har Vest-Telemark Museum, Kviteseid Historielag og Kviteseid Mållag gjenge saman om å gjere samlinga tilgjengeleg på nett. Av dei 9.300 stadnamn Wraa registrerte, er 2.500 koordinatfesta og fleire vil bli tilgjengelege for ålmenta før jol.

Arbeidsgruppa treng enno fleire folk med kunnskap om stadnamna i Kviteseid for å koma i mål med prosjektet. Ta kontakt med prosjektleiar Per Ormestøyl  tlf. 95940470 om du ynskjer å bidra.

Koordinatfesta namn i Kviteseid(Kart)

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk