Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ungdommens idretts- og kulturpris 2019

For tredje år på rad gir Kviteseid kommune ut to kulturprisar til ungdom som gjennom sine evner markerar seg.

I statuttane for kulturprisen kan ein lese dette:

Kviteseid kommune har etablert to stipend a 5000,- kr. som kan delast ut til personar, lag eller grupper for ein prestasjon/prestasjonar som har nådd stor regional merksemd eller alminneleg nasjonal merksemd.

Stipendet skal vera utrykk for annerkjenning, og vera eit verkemiddel til fortsatt utvikling og innsats innanfor den aktiviteten stipendet er tildelt.

Stipendet kan tildelast unge menneske i alderen 15 – 30 år som er folkeregisterført i Kviteseid kommune. Prisen kan også tildelast personar som har hatt barndom og oppvekst i Kviteseid kommune, og som har vidareutvikla ein aktivitet som starta i Kviteseid, og som ein må ut av kommunen for å utvikle på eit høgare nivå.

Det har i 2019 vore mange forslag og det har vore mange gode kandidatar. Ungdomsrådet har drøfta forslaga og har vore med å innstilt kandidatar. Det er hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift som har ansvaret og dei har valt ut desse to for 2019. Bakgrunnen for tildelinga er:

Kandidat 1: Ingerid Vadder

Foto: Kari Smeland



Ingerid Vadder er født i 2003. Ho er foreslått for sine prestasjonar i langrenn sesongen 2018/2019. Langrenn er ein stor idrett som det er vanskeleg å hevde seg i. Ingerid har hevda seg i toppen nasjonalt gjennom fleire år i sin klasse.

I 2018 vann ho gull, sølv og bronse i Hovudlandsrennet (NM for 15-16 åringar med over 200 deltakarar i klassa). Ho er vinnar av alle KM og Cuprenn i Vestfold og Telemark skikrets. Vidare blei det i Oslo skifestival 2. plass og på sommarens rulleskirenn Blinkfestivalen gull, sølv og bronse. I tillegg ein rekke andre topplasseringar.

I 2019 vann ho ei rekke renn og blei nummer 3 i Oslo skifestival både i klassisk og i skøyting. På grunn av ei overbelastning måtte ho roe ned litt, men satsar fullt på å utvikle seg framover. Ingerid startar på Hovden Skigymnas til hausten. Ho har i tillegg vore på kretslag i fotball i tre år.


Kandidat 2: Symre Taugbøl Bang

Foto:Privat

Symre Taugbøl Bang er født i 2002. Symre er fødd inn i ein musikalsk familie, og som ho seier: Med foreldre med platesamling, masse instrument og bestemt musikksmak har det ikkje blitt noko Hits for Kids eller på meg, - noko eg er takksam for nå.

Symre stod aleine på scene for fyrste gong og song då ho var fire og eit halvt år gamal. Det første instrumentet var hardingfele som ho begynte å spille då ho var fem år, sidan har det òg blitt gitar, piano og trommer. Ho er eit musikalsk talent og har delteke på Ungdommens Kulturmønstring fleire gonger. Ho har gått vidare til landsfinalen dei fleste gongene ho har delteke.

Symre fekk òg Draumestipendet i 2016, eit stipend på kr. 10 000,- som skal inspirere og vera med å oppfylle ein ung kulturutøvar sin draum.

Symre er nå elev ved musikklina på Skien vidaregåande skule og ho tar på seg speleoppdrag i ulike arrangement.


  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk