Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Utbygging av breiband i kommunen

Kviteseid kommune vurderer å søkje staten om tilskot til vidare utbygging av breiband i kommunen.

Høyring om utbygging av breiband i Kviteseid kommune 
 
Kviteseid kommune vurderer å søkje staten om tilskot til vidare utbygging av breiband i kommunen. Eit av krava for å få slikt tilskot er at planen for utbygging skal vere til høyring i kommunen.
Regjeringa har gitt NKOM, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søke NKOM om støtte, og kommunale søknader blir sendt gjennom Telemark fylkeskommune.
 
I samband med ein mogleg søknad inviterer vi difor bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel til kommunen i denne saka innan 15. august 2018.
 
Kommunen vurderer å søke om tilskot til breibandutbygging til dei områda i kommunen der kapasitet og/eller kvalitet er spesielt dårleg.
 
Kontaktperson i Kviteseid kommune er Øystein Tveit.
 
Innspel kan de sende som e-post til post@kviteseid.kommune.no , vanleg brevpost eller levere på kommunehuset.
 
Merk innspelet med: Høyringsuttale breibandsutbygging
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk