Innbyggjarinitiativ
Generelt
Som innbyggjar i kommunen (eller fylkeskommunen) har du rett til å krevje at eit konkret forslag blir behandla av kommunestyret (eller fylkestinget). Du må ha støtte frå andre innbyggjarar for forslaget ditt. Du har òg denne retten sjølv om du er under 18 år.
Det er gjerne stor mobilisering rundt enkelte saker lokalt. Tanken er at initiativretten kan bidra til å kanalisere dette engasjementet inn i det politiske systemet.
Du kan opprette saker elektronisk på misak.no.
Kommunaldepartementet har utvikla ei nettside for slike initiativ. Du kan lese Kviteseid si side her.
Målgruppe
Innbyggjarar som er registrerte som busette i kommunen (dersom forslaget blir fremja for kommunen) eller i fylket (dersom forslaget blir fremja for fylkeskommunen). Forslag kan òg fremjast av personar under 18 år.
Kriterier/Vilkår
Eit forslag må ha støtte frå minst to prosent av innbyggjarane. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid nok.
I den same valperioden kan det ikkje fremjast forslag dersom dette har
-
same innhaldet som eit tidlegare, eller
-
same innhaldet som ei sak som er behandla av kommunestyret eller fylkestinget i løpet av valperioden
Kommunestyret (eller fylkestinget) står fritt til å ta saka opp til behandling sjølv om vilkåra for eit innbyggjarinitiativ ikkje er oppfylte.
Annan informasjonMi sak - kom med di sakOM SØKNADSPROSESSEN:Rettleiing
Du må formulere eit forslag om det du ønskjer kommunestyret (eller fylkestinget) skal ta stilling til. Ta kontakt med kommunen (eller fylkeskommunen) for meir rettleiing. Dersom forslaget blir avvist fordi dei formelle vilkåra for behandling ikkje er til stades, bør kommunen (eller fylkeskommunen) opplyse deg eller dykk om kva som skal til for at forslaget skal bli akseptert for behandling.
Vedlegg
Du må dokumentere støtta til forslaget med underskrifter. Det må klart gå fram at underskrivarane støttar det som forslaget går ut på.
Tid for sakshandsaming
Kommunestyret (eller fylkestinget) skal ta stilling til eit forslag innan seks månader etter at det er blitt fremja. Tidsfristen gjeld ikkje dersom forslaget viser til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova. Som initiativtakar skal du eller dykk bli orienterte om dei avgjerdene som blir tekne med bakgrunn i forslaget.
Om klage
Du kan ikkje klage på alle vedtaka om å avvise eit forslag. Høvet til å klage gjeld berre dersom saka ville ha vore eit enkeltvedtak (etter forvalgtningslova) om ho hadde blitt realitetsbehandla.
Sist oppdatert:
25.02.2013
KONTAKTINFORMASJON:RådmannenTelefon:
35 06 81 36
Telefaks:
35 06 81 01
Epost:
hans.bakke@kviteseid.kommune.noPostadresse:
Kviteseidgata 13
3850 KVITESEID
Besøksadresse:
Kommunehuset
Kviteseidgata13
KONTAKTPERSON:
Hans
BakkeRådmann
Telefon:
35 06 81 36
Mobil:
941 96 055
Telefaks:
35 06 80 01
Send e-post