Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet
Generelt
Personar som ikkje kan få eit tilfredsstillande utbyte av det vanlege, tilpassa opplæringstilbodet for vaksne på grunnskuleområdet, har rett til spesialundervisning. Det kan til dømes gjelde vaksne som
-
er eller har vore sjuke eller skadde
-
har særleg behov for å meistre daglege gjeremål
-
treng grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
-
grunnleggjande lese- og skriveopplæring
-
motorisk trening
Pris
Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
OM SØKNADSPROSESSEN:Rettleiing
Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje om spesialundervisninga.
Tid for sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Om klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Sist oppdatert:
18.02.2013
KONTAKTINFORMASJON:Kommunalsjef for skule og barnehageTelefon:
35 06 81 18
Telefaks:
35 06 81 01
Epost:
mette.mihle@kviteseid.kommune.noPostadresse:
Kviteseidgata 13
3850 KVITESEID
Besøksadresse:
Kommunehuset
Kviteseidgata 13
KONTAKTPERSON:
Mette
MihleKommunalsjef
Telefon:
35 06 81 18
Mobil:
911 60 172
Send e-post