Reguleringsplan - rett til å fremje forslag
Generelt
Ein reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering (som blir utarbeidd av kommunen) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidt av fagkunnige. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område. Planen gir grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet.
Målgruppe
Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter
Pris
Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag.
Kriterier/Vilkår
-
Detaljregulering skal følgje opp hovudtrekk og rammer i arealdelen i kommuneplanen. Den blir eventuelt òg utarbeidd etter krav i ei vedtatt områderegulering
-
Forslagsstillaren skal leggje til rette for medverknad frå dei som planen vedkjem, slik som barn og unge
-
Risiko- og sårleiksanalyse skal utarbeidast for alle planar som gjeld utbygging
-
For nokre planar vil det vere krav om konsekvensutgreiing. Det må i så fall utarbeidast eit eige planprogram som skal sendast på høyring og fastsetjast av kommunen før planforslaget blir utarbeidt
Utbygginga må vere sett i gang seinast fem år etter at planen er vedtatt. Denne fristen kan etter søknad bli forlenga med to år om gongen.
Viktige samarbeidspartnarar
Du må varsle gjeldande offentlege organ og andre interesserte når planarbeidet blir sett i gang. Det same gjeld registrerte grunneigarar og festarar og om mogleg andre grunneigarar i planområdet.
OM SØKNADSPROSESSEN:Rettleiing
Du må ta opp planspørsmålet i eit møte med kommunen før du kan setje i gang planarbeidet. Som forslagsstillar skal du kunngjere oppstart av planarbeidet i minst ei avis som til vanleg blir lese på staden og gjennom elektroniske medium. Når planutkastet er utarbeidt i samsvar med kommunen sine krav, sender du det til kommunen. Kommunen overtar saka når planforslaget er vedtatt sendt på høyring.
Tid for sakshandsaming
Kommunen skal ta stilling til om planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn eller avvisast innan tolv veker etter at forslaget er mottatt.
Om klage
Dersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret.
Sist oppdatert:
18.02.2013
KONTAKTINFORMASJON:Plankontoret for Nissedal og KviteseidTelefon:
35 04 84 00
Telefaks:
35 04 84 10
Epost:
info@nissedal.kommune.noPostadresse:
Interkommunalt plankontor
3855 TREUNGEN
Besøksadresse:
Kommunehuset
TREUNGEN