Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Adopsjon

  • Skulefritidsordning (SFO)

    Generelt

    Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. klasse og til barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse.

    Det er tilbod om SFO ved alle dei tre skulane, dvs Brunkeberg, Kviteseid og Straumsnes.

    Tilbodet er organisert slik:

    Måndag, tysdag, torsdag og fredag har alle skulane tilbod frå kl 7.30 til skulestart og frå etter skuleslutt og ut dagen. Kviteseid skule avsluttar SFO kl 16.45. Ved Straumsnes og Brunkeberg blir SFO avslutta  kl 16.30. Onsdag er SFO - tilbodet lagt til Kviteseid skule. Opningstida er kl 07.15-16.45

    Måndag og torsdag er det høve til leksehjelp mellom kl 14.00 og 15.00 på Kviteseid skule, mellom kl. 14.30 og 15.30 på Brunkeberg oppvekstsenter og mellom kl. 14.15 og 15.15 på Straumsnes oppvekstsenter.

    Målgruppe

    Elevar i grunnskulen som er busette i kommunen

     

     

     

    Pris

    Det blir gjeve syskenmoderasjon på 30%

    Det skal betalast for 10 månader i SFO (ikkje juli og august)

    Faktura blir sendt ut månaden før og med forfall midt i den månaden det gjeld for.

    Ansvarleg avdeling

    Sektor for skule og barnehage

    LederIngunn Haugland
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    BesøksadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID

    Kontaktavdeling

    Sektor for skule og barnehage

    LederIngunn Haugland
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    BesøksadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt opplæringslova § 10-9 Politiattest og § 13-7 Skolefritidsordninga

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. april

    Skjema

    Høve til å klage

    Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

    Tenesteomtaler

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk