Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon

  • Kommunal planlegging - medverknad

    Generelt

    Du har rett til å uttale deg i saker som gjeld kommunal planlegging. Kommunen skal arbeide for å få størst mogleg offentlegheit og reell medverknad i planarbeidet. Særleg har kommunen eit ansvar for å sørgje for å få innspel frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge. Tidleg i planprosessen bør kommunen bestemme korleis denne medverknaden skal skje.

    Kommunen skal utarbeide desse planane:

    • Kommunal planstrategi (strategiske val knytta til samfunnsutviklinga)
    • Kommuneplan (overordna plan for utvikling av kommunesamfunnet og for bruk og vern av areal i kommunen)
    • Reguleringsplan (arealplankart med avgjerder som fastlegg bruk og vern i bestemte område)

    Målgruppe

    Alle som blir berørte av dei planane som blir utarbeidde, slik som organisasjonar, brukargrupper, næringsliv og enkeltpersonar.

    Partnarar

    Planforslag skal alltid leggjast fram for dei offentlige organa som forslaget gjeld, som skal gi nødvendig informasjon som har noko å seie for planarbeidet.

    Liste over viktige samarbeidspartnarar som bør varslast i planprosessar. (I nokre saker kan enkelte av desse vere uaktuelle, men det må vurderast frå sak til sak.)

    • Fylkesmannen i Telemark
      Postboks 2603, 3702 SKIEN
    • Telemark fylkeskommune
      Postboks 2844,3702 SKIEN
    • Statens vegvesen region sør
      Serviceboks 723, 4808 ARENDAL
    • NVE region sør
      Postboks 2124,3103 TØNSBERG
    • Mattilsynet
      Postboks 383, 2381 BRUMUNDDAL
    • Villreinnemnda for Setesdalområdet
      Suldal kommune v/ Jarle Lunde
      Sandvegen 122, 4230 SAND
    • Naturvernforbundet i Telemark
      Vetle Mules veg 16, 3944 PORSGRUNN
    • DNT Telemark v/Jon Ingebretsen
      Kviteseidvegen 1822, 3853 VRÅDAL
    • Havrefjell Turlag v/Ole Jakob Bråten
      Vestøveien 221, 4980 GJERSTAD
    • VTK
      Høydalsmovegen 815, 3891 HØYDALSMO
    • Agder Energi AS
      Postboks 603 Lundsiden, 4606 KRISTIANSAND
    • IATA IKS
      Haugsjåsund 132, 3855 TREUNGEN
    • Renovest IKS
      Ordalsvegen 63, 3850 KVITESEID
    • Opplysningsvesenets Fond
      Postboks 535 Sentrum, 0105 OSLO
    • Aktuelle nabokommunar
    • Aktuelle næringsorganisasjonar
    • Lokale vellag, frivillige organisasjonar etc.

    Merknader:

    • Villreinnemnda skal ha alle arealsaker innom villreinområdet Våmur-Roan til uttale, elles ikkje.
    • Renovasjonsselskapet Renovest IKS kan vere aktuell høyringspart for planar i Kviteseid, IATA IKS for planar i Nissedal.
    • VTK eig mykje av linenettet i Kviteseid og Nissedal, Agder Energi i den sørlege delen av Nissedal.
    • Telemark Turistforening dekker Kviteseid kommune, Havrefjell Turlag dekker Nissedal kommmune.

     

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Sveinung SeljåsPlansjef35 04 84 3035 04 84 10Send Epost

    Ansvarleg avdeling

    Interkommunalt plankontor

    Telefon35048400
    E-postpostmottak@nissedal.kommune.no
    PostadresseNissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Lovar og retningsliner

    Sjå spesielt plan- og bygningslova kap. 5 Medvirkning i planleggingen.

    Søknadsprosessen

    Behandling

    Forslaget til kommunal planstrategi skal gjerast offentleg minst 30 dagar før behandlinga i kommunestyret. Kommunen skal sende forslag til kommuneplan og reguleringsplan på høyring til statlege, regionale og kommunale organ og til ulike organisasjonar og institusjonar som forslaget har noko å seie for. Minst eitt eksemplar av planforslaget skal vere fysisk lett tilgjengeleg, slik at alle kan setje seg inn i det. Forslaget skal også gjerast tilgjengeleg elektronisk. Det blir gitt ein frist for å uttale seg. 

    • Kommuneplan: Frist for å gi uttale eller fremje innvending til arealdelen i kommuneplanen er minst seks veker
    • Reguleringsplan: Frist for å gi uttale eller fremje innvending er minst seks veker

    Innvending kan berre fremjast av offentlege styresmakter.

    Høve til å klage

    Det er ikkje høve til å klage på planstrategi eller kommuneplan som kommunen har vedteke. Du kan derimot klage på reguleringsplanen som kommunen har vedteke, dersom saka gjeld deg direkte eller dersom planen får følgjer for dine interesser. Klagefristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom vedtaket i kommunen blir ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk