Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Kommunen har legevakt som skal dekkje behovet for akutt hjelp. Du kontaktar legevakta når det ikkje er mogleg å få kontakt med fastlegen.

    På dagtid kan du vende deg til det lokale legekontoret i Kviteseid på tlf. 35 06 82 50

    Kviteseid kommune har felles legevakt med Seljord på kveld og i helger. 

    TELEFON LEGEVAKTSENTRAL er 116 117. 

    Adresse til legevakta er da: Helsesenteret i Seljord , Ingrid Slettens veg 16, 3840 Seljord.

    På natt går alle meldingane til legevaktsentralen på Notodden, pasientane ringer 116 117 uansett tid på døgnet. Vakthavande lege på natt er på sentralen på Notodden, lokalisert til Sauheradveien 5, 3683 Notodden.

    OPNINGSTIDER SELJORD LEGEVAKTSENTRAL:

    Kvardagarsommarstid  1.5.-30.9.kl 15.00 – 23.00 

    Vinterstid 1.10.-31.5.kl 15.30 – 23.00

    Alle helgar og høgtidsdagar kl 08.00 – 23.00                         

    OPNINGSTIDER NOTODDEN LEGEVAKTSENTRAL: Alle dagar  kl 23.00 – 08.00

    Ved livstrugande tilstandar eller ulukker, ring nødnr 113

    Målgruppe

    Alle som held til i kommunen

    Brosjyrer

    Kontaktavdeling

    Kommunelækjaren

    LederAnne Ruth Syrtveit Mikalsen
    Telefon35 06 82 50
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    BesøksadresseGranlivegen 1 3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna

    Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og § 3-2
    Pasient- og brukarrettslova kapittel 7.

    Søknadsprosessen

    Høve til å klage

    Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og gjer greie for opplysningar som kan vere viktige for klagebehandlinga.

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk