Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Septikktankar, tøming av

    Generelt

    Opplegget for tøming av septikktankar

    Henv. vedk faktura kan rettast til teknisk drift tlf 35 06 81 11.

    Spørsmål vedk tømming kan rettast til Renovest tlf 35 06 80 00


    Tøminga blir utført med avvatningsbil. Berre i særlege høve vil slamsugarbil bli nytta. Ved bruk av avvatningsbil vil slammet frå tanken bli skilt frå, og vatnet vil bli ført attende til tanken. Fordelen med dette systemet er at bakteriefloraen då blir attende i tanken og nedbrytningsprosessen kan halde fram.


    Kviteseid kommune har sett den praktiske tøminga til firmaet:

    Renovest IKS
    Ordalsvegen 63
    3850 Kviteseid
    Tlf.: 350 68 000
    E-mail: post@renovest.no
    VAKTTELEFON: 

    Vi viser og til: www.renovest.no/undersider_plain/septikk.html


    Heilårsbustader
    med septiktankar på 4 m³ eller meir m/spreiegrøft skal tømmast annakvart år. Kviteseid delar kommunen i to. Eigedomar med gnr f.o.m. 1 t.o.m. 40 blir tømt i oddetalsår. Resten av kommunen f.o.m. gnr 41 blir tømt i partalsår.

     

    Tankar under 4m³ m/spreiegrøft, og tette tankar skal tømmast minst ein gong kvart år.

    Tømminga i Kviteseid startar i september månad kvart år. Det blir sendt melding til abonnentane med vekenummer når septikkbilen kjem.

    Faktura for tømming blir sendt frå Kviteseid kommune det året tanken blir tømt, og blir ført på faktura for kommunale gebyr med forfall i april og oktober.

    Dersom tanken av ulike årsakar må tømmast utanom rute, blir det fakturert eit tilkøyringsgebyr frå Renovest. 


    Hytter
    med vassklosett og septiktank på 2m³ eller meir tømmast kvart fjerde år, og skal tømmast i 2018. Hytter med vassklosett og tank under 2m³ tømmast annakvart år (oddetal) eller oftare. Tette tankar tømmast minst ein gong kvart år.   

     

    Kontaktavdeling

    Renovest IKS

    LederToralf Orekåsa
    Telefon35 06 80 00
    Telefaks35 06 80 09
    E-postpost@renovest.no
    BesøksadresseOrdalsvegen 63 3850 KVITESEID
  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk