Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Helsetenestetilbod til flyktningar og asylsøkjarar

  • Innbyggjarinitiativ

  • Innsynsrett i offentlege dokument

  • Miljøinformasjon

  • Publisering av saksdokument på Internett

    Generelt

    Som innbyggjar og brukar av offentlege tenester kan du lese sakslista for eit politisk utval frå ein PC der du måtte ønskje. Dette er eit ledd i informasjonsstrategien til forvaltninga der Internett i aukande grad blir nytta til å publisere saksdokument. Ein kan ikkje publisere dokument som er unnateke offentleggjering, eller som inneheld sensitive personopplysningar eller fødselsnummer.

    Kommunen må gjere ei konkret vurdering der ein set omsynet til offentleggjering opp mot personvernet før ein publiserer dokumenta. 

    Du finn innkalling til møte og protokollar frå Kommunestyret, formannskapet og hovudutvala på heimesida under rubrikken Politikk på framsida.

    Målgruppe

    Innbyggjarar og brukarar av offentlege tenester

    Vilkår

    Det er høve til å publisere:

    • Offentlege journalar (med opplysningar om kven som har kome med ein førespurnad om ei bestemt sak)
    • Dokument som ikkje er unnateke offentleggjering og der omsynet til personvernet ikkje talar mot publisering

    Dokument til og frå offentlege etatar, næringsdrivande o.a. inneheld sjeldan personopplysningar som skulle føre til at ein ikkje kan publisere desse på Internett. Når det gjeld dokument som inneheld opplysningar om meir private forhold, er det personopplysningslova som set grensene for kva kommunen kan publisere.  

    Sensitive personopplysningar (som etnisk bakgrunn, politisk eller religiøs oppfatning og helseforhold) er ofte omfatta av teieplikta, og ein vil derfor ikkje kunne publisere slike utan samtykke. Det same gjeld andre personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, men der den det gjeld, vil kunne kjenne det tyngjande dersom dei blir offentleg kjende. Dette kan for eksempel gjelde opplysningar om utdanning og yrkeserfaring. Ein kan ikkje publisere fødselsnummer på Internett.

    Brosjyrer

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Gro DegnesRådgjevar35 06 81 34Send Epost
    Berit LundebergFormannskapssekretær35 06 81 07415 91 200Send Epost

    Kontaktavdeling

    Arkiv

    LederGro Degnes
    E-postpost@kviteseid.kommune.no
    Nettadressehttp://www.kviteseid.kommune.no
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    Besøksadresse3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Sjå blant anna personopplysningslova kap. II Alminnelige regler for behandling av personopplysninger og forvaltningslova § 13 (taushetsplikt). 

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk