Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Fyrverkeri - handel og oppbevaring

  • Kunnskapsprøven - alkohollova

  • Salsløyve for alkohol

  • Serveringsløyve

    Generelt

    Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i næringssamanheng, må søkje kommunen om serveringsløyve. Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstad der forholda ligg til rette for at det blir spist/drukke på staden.

    Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.

    Dersom serveringsstaden blir teke over av ein annan, fell serveringsløyvet bort dersom det ikkje blir søkt om løyve innan 30 dagar etter at det blei inngått avtale om overdraging.

    Vilkår

    Dagleg leiar for serveringsstaden må klare ein etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving. 

    Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.

    Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.

    Partnarar

    • Lensmann/politi
    • Skatte- og avgiftsmyndigheitene
    • Tollmyndigheitene
    • Mattilsynet
    • Arbeidstilsynet

    Kontaktavdeling

    Kultur og fritid

    LederElisabeth Lid
    Telefon35 06 81 12
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    Besøksadresse3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du kan kontakte kommunen for å rettleiing. Søknaden skal vere skriftleg og innehalde desse opplysningane: 

    1. Namn og adresse på den som skal drive serveringsstaden. Dersom det er ein juridisk person som skal drive serveringsstaden, skal det også opplysast om organisasjonsnummer og eigarsamansetjing 
    2. Opplysning om staden der serveringsstaden skal drivast 
    3. Namn og adresse på dagleg leiar
    4. Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar 
    5. Skatteattest for den som skal drive serveringsstaden

    Skjema

    Vedlegg

    • Dokumentasjon på at etablererprøva er bestått
    • Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret

    I tillegg kan kommunen, om han meiner det er påkravd, krevje at det blir lagt fram

    • leigekontrakt
    • finansieringsplan
    • driftsbudsjett
    • likviditetsbudsjett

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Skjenkjeløyve

  • Skjenkjeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk