Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Avløp - offentlege avløpsanlegg

  • Byggavfall - kjeldesortering

    Generelt

    Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.

    Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane.

    Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.

    Målgruppe

    Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak

    Vilkår

    Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna

    • nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal 
    • riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter bruksareal

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Torill LohneOppmålingsingeniør og byggesaksbehandlar35 04 84 40Send Epost
    Birger HeimdalByggesaksbehandlar35 04 84 21Send Epost

    Kontaktavdeling

    Interkommunalt plankontor

    Telefon35048400
    E-postpostmottak@nissedal.kommune.no
    PostadresseNissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Lovar og retningsliner

    Sjå spesielt

    • Byggteknisk forskrift (TEK 17) kapittel 9 Ytre miljø
    • Byggesaksforskrifta (SAK 10) § 8-1
    • Avvfallsforskrifta § 11

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Ein tilrår at du nyttar skjemaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.

    Avfallsplanen skal m.a. innehalde

    • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
    • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast

    Skjema

    Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har samla alle byggesaksskjemaene på sida Byggesaksblanketter.

    Vedlegg

    Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
    Dette kan vere

    • ordinær kvittering frå avfallsmottak
    • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
    • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)

    Behandling

    For tiltak som både
     

    • krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
    • utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing
       

    vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere knytt opp mot byggjesaksbehandlinga.

    Behandlingstid

    Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak

    Høve til å klage

    Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Farleg avfall

  • Heimekompostering av matavfall

  • Renovasjon

  • Vatn og avløp - abonnementsvilkår

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk