Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Kommunalt lån (sosiallån)

  • Kvalifiseringsprogram

  • Sosialtenester for innsette i fengsel

  • Økonomisk rådgjeving Gjeldsrådgjeving

  • Økonomisk sosialhjelp

    Generelt

    Økonomisk sosialhjelp skal sikre at du har nok midlar til eit forsvarleg livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for det sjølv gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.

    Med livsopphald meiner ein livsnødvendigheiter som mat, husleige, straum og nødvendige klede. Denne hjelpa vil vere den vanlegaste forma for hjelp. Men du kan òg få hjelp som lån eller garanti for lån. Dette vil først og fremst vere aktuelt dersom ein trur at du vil vere i stand til å tilbakebetale lånet.

    Vilkår

    Vi vil vurdere dei faktiske behova du har. Økonomisk sosialhjelp er ein rett som i utgangspunktet blir gjeve utan vilkår, men alle under 30 år må gjennomføre visse aktivitetar som er avtalte med kommunen. Du kan òg bli beden om å dokumentere kva andre utvegar du har prøvd:

    • Om du har søkt om bustønad
    • Om du har brukt rettane dine til eventuelle trygdeordningar
    • Om du har kontakt med Nav og tek imot tilbod om arbeid eller kurs

    Brosjyrer

    Kontaktavdeling

    Nav Kviteseid

    LederBjörn O. Johansson
    Telefon35114300
    E-postnav.kviteseid@nav.no
    Nettadressehttp://www.kviteseid.kommune.no
    BesøksadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Dette er ei lovpålagd teneste.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Korleis søkjer ein om sosialhjelp?

    Du må fylle ut eit søknadsskjema. Det kan du få ved å ringe NAV-kontoret på tlf 5555 3333 eller ved å møte opp på kontoret. Då vil personale ev. kunne hjelpe til med utfylling av skjemaet. Alle inntekter, utgifter, gjeld og formue må dokumenterast.
    Du må leggje ved dokumentasjonen, dette kan vere kvitteringar, stadfesting, kontrakter mm.
    Utan rett dokumentasjon kan ikkje kontoret handsame søknaden, og saka di vert forsinka.
    Søknaden skal fyllast ut så nøyaktig som mogleg. Som hovudregel skal søkjaren sjølv skaffe rett dokumentasjon. Dette vil spare tid for sakshandsamar slik at søknaden kan bli raskt handsama.
    All hjelp skal som hovudregel ta sikte på å hjelpe deg til å bli økonomisk sjølvstendig.

     

    Når kan eg søkje naudhjelp?
    Du kan søke naudhjelp (økonomisk stønad/lån) dersom det har oppstått ein akutt situasjon, td. vold, mishandling, ulykke og brann eller andre situasjonar der born er skadelidande. NAV vurderer om det er behov for øyeblikkeleg hjelp/naudhjelp.   

    Økonomisk stønad (sosialhjelp) blir vanlegvis gjeve som bidrag. Det vil sei at pengane IKKJE skal betalast tilbake.  

    Lån:  Sosialhjelp kan og bli gjeve som lån, men kriteria er dei same som for bidrag.
    Det er IKKJE lettare å få lån enn bidrag.

    Det som avgjer om stønaden skal utbetalast som lån eller bidrag er dine betalingsevne for ei eventuell tilbakebetaling. Dersom det er eit vanleg lån du ynskjer må du få dette gjennom ein bank.

    Du vil normalt ikkje få naudhjelp ved vanlege og forventa utgifter. Dette er utgifter du bør søkje om i god tid dersom du skjønnar at du ikkje vil klare det.    

    Må eg fylle ut heile søknadsskjema?
    NAV pliktar å sørgje for at ein søknad om økonomisk stønad er så godt belyst som mogleg. Med dette meiner ein at vi må gjera ein nødvendig undersøking av ditt behov, samt sjekke kva for moglegheit du har for å klare deg sjølv. Dersom du søkjer hjelp pliktar du å informere og dokumentere alle opplysningar som er relevante for handsaminga av søknaden din. Dersom søknaden manglar nødvendig informasjon vil vi enten kalle deg inn til samtale eller sende eit brev der vi etterlyser rett dokumentasjon. Dersom dette ikkje blir levert eller du tek kontakt innan fastsett frist vert søknaden avslått.  

    Merk at for ektepar eller sambuarar med felles søknad skal begge sine inntekter/utgifter dokumenterast.  

    Dersom du er usikker på kva for opplysningar vi treng – ta kontakt med NAV.  

    Ufullstendige søknader tar lenger tid, så prøv og ver nøyaktig og send inn søknaden i god tid dersom det er mogleg.  

    Vert opplysningane i søknaden kontrollera?
    Når NAV handsamar søknaden, vil kontoret kontrollere opplysningane i søknaden mot vedlagde dokumentasjon. NAV  vil og kontrollere opplysningane mot andre offentlege registre, som til dømes folkeregister, likningsregister, bilregister, arbeidsgjevar/arbeidstakerregister, trygderegister - og andre.   

    Kva er levekostnader?
    Det er meininga at økonomisk stønad eller lån til levekostandar skal dekkje alle vanlege utgifter til:  

    • Mat og drikke

    • Helse og hygiene

    • Leik og fritid

    • Hushaldartiklar

    • Aviser, tv og telefon

    • Reiser og transport

    • Særkostnader som einsleg forsørjar.

    Denne hjelpa vil variere noko etter størrelsen på familien, utgifter og inntekter osb. 

     
    Kva skjer dersom min økonomiske situasjon vert endra?  
    Den økonomiske stønaden er behovsprøva, du må difor gje beskjed dersom det skjer endringar i din økonomiske situasjon (inntekter/utgifter/formue).  

    Tilbakebetalt skatt vert rekna som ei inntekt, og vil bli tatt med i framtidige utrekningar for sosialstønad.  

    NAV har ikkje moglegheit til å trekkje skattepengane dine direkte inn. 
     

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Dersom Nav lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk