Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Betaling for kommunale tenester / innkrevjing av kommunale krav

  • Bompengar - privat veg

  • Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

  • Renovasjon

    Generelt

    Kommunen skal sørgje for å samle inn hushaldsavfall (tvungen renovasjon). Hushaldsavfall er rekna som avfall frå private hushald, òg større gjenstandar slik som inventar. Stativ og liknande blir sette opp slik kommunen avgjer. Farleg avfall skal ikkje blandast med vanleg hushaldsavfall, men leverast på eige mottak. Det finst òg eigne returordningar for bestemte typar avfall. Kommunen kan etter søknad frita bestemte eigedommar frå den kommunale innsamlinga.

    Det er tvungen renovasjon i Kviteseid. For å løyse dei praktiske oppgåvene er det oppretta eit interkommunalt selskap i Vest-Telemark - RENOVEST IKS.

    For å bidra til eit godt miljø skal det skje ei kjeldesortering av avfallet. Dette skjer dels hjå deg som kunde, dels gjennom containarar som er plassert ulike plassar i kommunen og dels gjennom avfallsplassen som ligg på Bunkeberg.

    Som kunde får du kvart år utdela ein kalender som viser tømetidspunkt mv. På heimesida til RENOVEST www.renovest.no kan du lese det du treng å vite om t.d opningstider, sorteringsrettleiing mv.

    Her blir det gjeve eit oversyn over dei ulike abonnementstypane:

    VANLEG ABONNEMENT
    Vanleg husstand får eit standardabonnement som inneheld fylgjande:
    1 restavfallsdunk
    1 papirdunk
    1 matavfallsdunk 
    + naudsynt mengde bioposar til matavfall og sekkar til plast.
    Hentefrekvens: Restavfall kvar 14. dag. Papir/papp og plast kvar 14. dag. Matavfall kvar 14. dag i perioden sept-mai, og kvar veke i juni-juli-august.

    MINIABONNEMENT
    Utstyr som for vanleg abonnent.
    Hentefrekvens: Restavfall kvar 4. veke. Papir/papp og plast kvar 4 veke. Matavfall kvar 14. dag i perioden sept-mai og kvar veke i juni-juli-august.

    HYBEL
    er bueining for utleige med eige kjøkken/kjøkkenkrok eller felleskjøkken.

    FRITIDSABONNEMENT (HYTTER)

    I Kviteseid er det innført tvungen renovasjonsordning for hytteeigarar. Ordninga skal sikre at avfall frå hytteeigarar vert tatt hand om på ein forsvarleg måte.

    Ordninga gjev hytteeigarar rett til å nytte containere som er plassert på forskjellige plasser i kommunen. Kart over dette kan du få på teknisk avdeling.

    STØRRE ABONNENTAR
    Eigedomar, bedrifter, kontorer som har større avfallsmengder kan få utlevera plastdunkar
    på hjul. 3 stk. med dei same fraksjonane som skal hentast hos hushaldningsabonnentane.
    Storleiken på kvar dunk må bestemmast utifrå avfallsmengda.
    NB! Innsamling fylgjer same køyrerute som for vanleg abonnent.

    STORABONNENTAR
    Eigedomar, verksemder og kontor som har større mengder forbruksavfall og der plastdunkar blir for små må nytte container. Desse abonnentane må kjøpe/leige container sjølve og gjera avtale direkte med renovatør.
    Det kan også gjerast kombinasjonsløysingar med dunkar og container.

    Målgruppe

    Private hushald

    Pris

    Renovasjonsgebyret er fastsett i kommunal forskrift.

    Kontaktavdeling

    Samfunnsutvikling og teknisk drift

    LederKjetil Sundsdal
    Nettadressehttp://www.kviteseid.kommune.no
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    BesøksadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Dette er ei lovpålagd teneste. Kommunen fastset ei renovasjonsforskrift som omtaler ordninga og rettar og plikter for kommunen, abonnenten og renovatøren.

    Sjå
    Forurensingsloven § 30 Kommunal innsamling av husholdningsavfall

    Søknadsprosessen

    Skjema

  • Vassforsyning - drikkevatn

  • Vatn og avløp - abonnementsvilkår

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk