Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Brukarmedverknad i skulen

  • Opplæring i grunnskule og vidaregåande skule – innhald og timetal

  • Rådgiving i skulen

  • Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring/vurdering med karakter

  • Skuleskyss

    Generelt

    Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Har du nedsett funksjonsevne eller er mellombels skadd eller sjuk, har du òg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).

    Målgruppe

    • Elevar i grunnskule, vidaregåande skule og privatskule
    • Elevar med funksjonshemming 
    • Elevar som er mellombels skadde eller sjuke

    Vilkår

    Avstanden mellom skule og heim må overstige

    • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
    • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
    • 6 km for vidaregåande skule

    Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk.

    Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

    Pris

    Skuleskyss er gratis.

    Kontaktavdeling

    Sektor for skule og barnehage

    LederIngunn Haugland
    PostadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    BesøksadresseKviteseidgata 13 3850 KVITESEID

    Lovar og retningsliner

    Fylkeskommunen/kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringslova §§ 7-1, 7-2, 7-3 og 13-4. Sjå òg friskolelova § 3-7  og kapittel 10 i forskrift til opplæringslova.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Ved starten av kvart skuleår sender skulane inn lister over dei elevane som har rett på skyss til transportøren, Telemark Bilruter. På bakgrunn av desse listene, organiserer Bilrutene skyssen.

     

    Søknadmottakar

    Det er fylkeskommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skuleskyss. Dette gjeld likevel ikkje om du er elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg veg. Da er det kommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skyss.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Skulestart

  • kommunevaapen_kviteseid

kviteseid.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke kviteseid.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk