Gapahuk i Brunkeberg
Foto av gapahuk ved Brunkeberg oppvekstsenter

Skulen legg vekt på tverrfagleg samarbeid og gode, trygge relasjonar mellom barn og vaksne. I løpet av året gjennomfører skulen ulike tverrfaglege prosjekt og dei samarbeidar tett med barnehagen om overgang frå barnehage til skule. Alle lærarar og elevar har læringsbrett og brukar desse aktivt i undervisninga. 

Oppvekstsenteret har etablert ein grønsakshage og fått midlar til å sette opp ein flott gapahuk inne på området. Dei er opptatt av å lære både gjennom teori og praksis, i tråd med føringane i Kunnskapsløftet 20 kring tverrfagleg samarbeid og djupnelæring. 

Barn ute vinter
Foto tre born i vinterklede

Skulefritidsordning (SFO) og leksehjelp

SFO er eit tilbod til alle elevane på 1.- 4. trinn. SFO skal vera ein stad for leik og læring, og SFO legg til rette både for frileik inne og ute og organiserte aktivitetar. SFO serverer eit måltid kvar dag. På onsdagar, som er heildagstilbod på SFO, er SFO for alle elevar i kommunen på Kviteseid skule. 

Her finn du vedtekter for SFO i Kviteseid kommune (revidert 2021) 

Opningstider for SFO

Måndag - tysdag: 14:00 - 16:30

Onsdag: 07:30-16:45 (på Kviteseid skule)

Torsdag - fredag: 14:00 - 16:30

Leksehjelp, for elevane som melder seg på dette, er i SFO-tida. Leksehjelp er eit tilbod til elevar på 2.-4. trinn. Leksehjelp er eit gratistilbod. 

Du søkjer om plass på SFO i Visma foreldreportal. Denne finn du her: Innlogging Visma foreldreportal. Du loggar inn via ID-porten. Ta kontakt med skulen eller SFO om du har spørsmål kring dette. 
Søknadsfrist for hovudopptak er 1. april. Alle søknadar vil bli handsama etter fristen. 

SFO har ulike moderasjonsordningar for redusert foreldrebetaling. Du kan lese meir om ordningane her. 
Dersom du ynskjer å søke om redusert betaling, gjer du dette i Visma sin foreldreportal. 
Her finn du prisar for SFO i Kviteseid kommune. 

Frå hausten 2021 får SFO for fyrste gong ein rammeplan dei skal følgje. Dei tilsette på SFO kjem derfor til å jobbe med å implementere denne framover. Du kan lese rammeplanen her.