Barnehagen har tre avdelingar. "Fivrell" er avdelinga for dei minste på 1-2 år. "Ikønn" for barn i alderen 2-3 år og "Svintøks" for 4-6 åringane.

Kviteseid barnehage blei  opna hausten 1976 etter initiativ frå foreldre. 1. august 1995 flytte barnehagen til det lokalet dei nyttar nå. 1.- 4. klasse og SFO ved Kviteseid skule held til i underetasjen av bygget, og det er kort veg til Kviteseidhallen. Sommaren 2016 blei uteområdet oppgradert. 

Barnehagen si pedagogiske verksemd

Barnehagen er ei pedagogisk verksemd, som bygger på eit verdigrunnlag. Barnehagen har til føremål å ta i vare barn sitt behov for omsorg, leik, danning og læring. Barn skal medverke i kvardagen sin, og barnehagen skal samarbeide med heimen. Dette og meir kan du lese om i rammeplanen til barnehagen. Korleis dei ulike barnehagane legg til rette for rammeplanen, kan du lese om i årsplanen til den einskilde barnehagen. 

Rammeplan for barnehagen 

Bilderesultat for rammeplanen