Søke om tenester

Det er tenestekontoret som handsamar søknadar om tenester. Du kan lese meir om dette og søke her. 

Lundenjordet bufellesskap

Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med utviklingshemming. Lundenjordet stod ferdig i 1993. Bygget består av 11 bustader, 1 avlastningsbustad og eit fellesareal. Lundenjordet ligg midt i Kviteseid med utsikt ned mot Sundkilen og i gangavstand til sentrum.

Bustadane ved Lundenjordet (Lundenvegen 14, 16 og 18) blir rekna som private heimar der bebuarane skal få høve til sjølvråderett, innverknad på eige liv og medråderett. Personalet yt heildøgnstenestar til bebuarane etter kva den einskilde har behov for. Det omfattar praktisk bistand, opplæring og helsehjelp.

Lundenjordet er bemanna med autoriserte vernepleierar, sjukepleierar, miljøterapeutar og helsefagarbeiderar.

Avlastning

Omsorgs- og avlastingteneste for barn og unge med særskilde behov
Besøksadresse: Lundenvegen 11 A, 3850 Kviteseid

Avlastningsbustaden kan brukast av born med særskilde behov i alderen 0 – 18 år. Retten til avlasting gjeld alle med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Dette er ein rett knytt til den som yter omsorg, og ikkje den omsorgstrengande. Avlasting skal sjåast i samanheng med andre tiltak og det skal vurderast kva kommunale tiltak som er mest hensiktsmessig. 

Foreldre/omsorgsperson må søke tenestekontoret i kommunen om avlastning for sitt born i god tid før avlastinga skal ta til. Familien mottar deretter eit einskildvedtak på sin søknad. Tilbodet blir gjeve i tråd med Lov om helse- og omsorgtenestar § 3-2. Bornet/ungdommen vil få ein primærkontakt. Det vil bli utarbeida ein tidfesta plan for avlastningsopphaldet. Opphaldet vil bli individuelt tilpassa med fokus på opplevingar, meistring og tryggleik. Som ein kommunal teneste er vi forplikta til å dokumentere tenesta elektronisk.

Generell info om opphald og drift:

  • Avlastning kan vera på dagtid, kveld og/eller natt.
  • Avlastning blir ikkje gjeve ved høgtider og heller ikkje i vekene 26 -31 om sommaren.