Har du nokre timar til overs til andre?  

Ynskjer du å bidra til at andre får ei sosial og meiningsfylt fritid?

Er du aktiv, sosial og utadvendt?

Då er dette jobben for deg!

Eining for funksjonshemma treng støttekontaktar til ungar og unge vaksne som treng bistand til å få ei meiningsfylt fritid. Det kan være å gå på kino, reise i symjebasseng, reise ut å eta eller rett og slett å berre «henge» med andre på eigen alder. Dei treng bistand til å gjera det alle andre ungar/unge vaksne driv med på fritida si.

Antal timar i veka avheng av den enkelte sitt vedtak om timar.

Ein får timelønn, km. godtgjering og utgiftsdekning til aktivitetar.

Støttekontakt må legge fram godkjend politiattest, som ikkje er eldre enn 3 mnd. Du må være over 18 år, og helst ha både førarkort kl. B og bil.